fredag 28. august 2009

Durban calling

Då var vi framme, ligg til ankers uttaføre Durban og venter på
kaiplass/tomme tanker til lasta vår.

Går dette som planlagt så blir det avmønstring og heimreise i løpet av eit
par dager så då er eg heime igjen tidligt i neste uke, og det skal bli godt.
Greitt med ein skikkelig velfortjent ferie :-)

Mei snakkast :-)

søndag 23. august 2009

Exit Mombasa, Durban next

Då var vi ferdige i Mombasa, kom hit på fredags morgonen, men rota heile
dagen før vi var fortøydde langt ut på kvelden.
Vi gjekk i frå Mombasa nå i natt og regner med å ankomme Durban på torsdag
ut på dagen ein stund, litt avhengig av vind og strøm nede i
Mosambikkanalen.

Det fine med Durban denne gangen er at vi regner med at vi reiser heim
derifrå rundt neste helg, og det er som kjent den finaste dagen i ein
sjømanns liv - Heimreisedagen :-)

Og været på desse kanter er som det bruker å være på denne tida, sol og
sommer, langt over 20 grader i både luft og vann.

onsdag 12. august 2009

Exit Persiske Gulf

Då var vi ferdige i PG for denne gang, stoppa også på utsida av
Hormusstredet i Fujairah og bunkra 1100 MT HFO. Eller for å sei det litt
tabloid, 1150000 liter med bunkersolje. Ser litt større ut det siste tallet,
ikkje sant...

Forresten så bruker vi ca 51000 liter drivstoff kvar dag vi er i sjøen,
mange bensintanker det :-)

Det var ikkje så varmt som fryktet i PG denne gangen, litt over 40 grader
innimellom og det tåler vi godt.

Neste havn no er Mombasa i Kenya. For å holde oss lengst muligt unna
piratområda når vi går sørover, så går vi øst av 6o graden til vi er nede på
10 grader sør, går sør om Seychellene inn mot kysten av Tansania og så går
vi nordover langs kysten igjen til vi er oppe i Mombasa.

Værmeldingane på vegen sydover er passe, motvind, ca 15 knop og med skutas
fart på gode 15 knop gjer at vi nok får nokre dager med litt skvett. Men det
er sunt med litt saltvann på huda så det så...

I allefall godt å komme i sjøen igjen.

tirsdag 4. august 2009

Varme dager i PG

Ja så ligg vi her då, uttaføre Masaieed i Qatar og venter på last.
Skal laste noko over 23000 tonn med kaustikk soda, men vi ligger som sagt å
venter på kaiplass.
Forhåpentligvis ikkje så altfor lenge, temmeligt kjedeligt å ligge her på
denne måten, i tillegg er det varmt og fuktigt ute. Men faktisk ikkje så
ille som ein kunne vente på denne tida av året, i går kom max temperaturen
opp i ein 36-37 grader og då er det ikkje så ille... (ca 45 grader nede i
maskina då så det var litt varmere der)

Mesaieed ja, sist eg var her i Qatar så heitte denne byen Umm Said, vi var
her ganske så ofte å laste Etylen, denne lasta hadde ein temperatur på -
103,8 grader C. Men dette er rundt 25 år sidan, den gangen var eg ombord i
ein gasstanker som heitte Bow Elm, ein fin båt med eit godt miljø ombord.

Eg husker faktisk at vi var her den kvelden Oluf Palme vart skutt i
Stockholm, vi fekk well ikkje nyheitane før ut på laurdagen så vi vart nok
litt sjokkert den gangen, ikkje vanligt med slike attentat oppe i det kalde
nord.

Ja ja, tida går...