tirsdag 28. september 2010

Biscayabukta

Biscayabukta er ein del av Atlanterhavet mellom nordkysten av Spania og
vestkysten av Frankrike. På midten og i sør er den dyp, over 5000 meter.

I eit gammalt leksikon står det et det ofte er dårligt vær i Biscaya, det
trur eg er unødvendigt å fortelle ein gammal sjømann, det veit vi :-)

Normalt så bruker vi omtrent 30 timer å krysse Biscaya, frå Cap Finisterre i
Spania og opp til Ushant i Frankrike.

Vi kryssa bukta for nokre dager sidan og som dagens bilde viser så hadde vi
faktisk eit ganske så fint vær denne gangen.
Ikkje så ofte at vi ser det frå denne siden, spesielt no på hausten.

Takk for at du tok deg tid å lese denne bloggen :-)

fredag 17. september 2010

Gibraltar stredet

Der gjekk mei i gjennom i går kveld, skille mellom Middelhavet på eine sida
og Atlanterhavet på den andre, med Afrika på babord sida og Europa på
Styrbord sida når vi går vestover :-)

Sjølve sundet er 13 km breidt og 65 kilometer langt, terskel dybda i sundet
er 320 meter.

Pga fordampningen i Middelhavet er større enn tilførselen av ferskvann så
går strømmen hovedsakeligt gjennom sundet frå Atlanterhavet og inn til
Middelhavet. Eg las ein gang i tida at det tok ca 80 år for å fornye alt
vannet i Middelhavet på denne måten.

Lite trafikk der i går kveld, det vi såg mest av var dei hurtiggåande
passasjerbåtane som går mellom Gibraltar og Algeciras i Spania og over til
Marokko.

Dagens bilde viser to verdener, Afrika (Marokko) til venstre og Europa
(Spania) til høgre.
Tenkte at eg skulle fått lagt inn eit skikkeligt panoramabilde med dette
motivet, men lav sol og mykje dis i lufta øydela den sjangsen…

Ha ein god helg.

tirsdag 14. september 2010

Barcelona i Spania

Er der vi befinner oss nå. Ein gammal by med masse gamle kirker, kloster etc
etc og i dag også ein stor og moderne havneby.

Vi kom no oss endelig om bord i skuta i Suez etter nesten fire dager på
hotell i Cairo, hotellet var greitt nok det, men ville heller ha oppholdt
meg heime desse dagane.

Hadde ein fin tur bortover hit, sol og sommer heile vegen. Det bles godt
eine dagen, men det var midt i mot så det vart ikkje noko bevegelse ut av
det.

Turen no etter Barcelona går opp til Rotterdam, så Hamburg og Stade i
Tyskland før vi setter kursen for Searsport i USA, vi går då nord om England
og går det berykta Pentlandstredet, der straumen kjem opp i ein 5 – 6 knop.

Forresten, veit du andre plasser i verden det er ein by som heiter Barcelona
? Jepp, i Venezuela J

Dagens bilde viser egentligt to verdener, eit cruiseskip på vei ut av havna
her i Barcelona i kveld, i forgrunnen nokre av dei tankane vi pumper last
til…

Ha ein fortsatt fin haust.

lørdag 4. september 2010

Iberotel i Cairo, Egypt

er der eg oppheld meg no.

Er på vei ombord til Bow Firda, men skuta venter på kaiplass i Yanbu, Saudi Arabia og vi venter på skuta her i Egypt. Når den kjem så reiser vi ned til Suez for å ta skuta i gjennom Suez kanalen.

Suez kanalen har eg skrevet meire om før, i dette blogginnlegget.

Regner med at vi kjem oss ombord i løpet av morgendagen.

Reiseruta etter Suez er foreløpig Barcelona, Rotterdam, Safi (Marokko) og Sør Amerika, men som normalt så er ingenting sikkert...

Samme i kjemikaliefarta som i slektsforskninga, du skal ikkje tru, du skal vite...

Dagens bilde er utsikta frå rommet mitt her på hotellet og ned til svømmebassenget, spørst om eg ikkje skal ha meg ein tur bort i den andre enden av bassenget :-)

Fortsatt god haust til alle lesere.