onsdag 27. januar 2010

Solide skuter på STX Søviknes

No i jula så hadde vi eget juletre i Søvika, beliggande nede på verftet.
Nemlig den skuta som etterkvart vart døpt Skandi Aker, 157 meter lang, 27 meter brei og med boretårnet, aka juletre, som rager heile 62 meter over vannflata. Det skal visst være det høgaste i verda når vi ikkje tar med produksjonsskip.

No for eit par dager sidan kom dei slepande frå Romania med eit nytt skrog av samme type og størrelse og desse to som ligger der nede no ruver bra i landskapet.


Tok meg ein tur i dag og tok eit par bilder slik at dere kan få sjå desse flotte skutene sjølv.

Den med boretårnet som ligger til høgre er altså Skandi Aker, den til venstre veit eg ikkje navnet på.

Ein del fleire bilder, blant anna frå innredning og maskinrom, kan dere sjå på denne linken. Denne linken befinner seg på Norsk Skipsfarts forum, ein plass det er vel verdt å besøke om du liker å følge med på det som rører seg i den maritime næringa

onsdag 20. januar 2010

Det hende i Taremareby



Som mange sikkert husker var det i fjor haust ein underskriftaksjon for å få trykt opp denne boka igjen.

Forlaget som sat på rettigheitane hadde ikkje noko tru på dette så dei solgte rettigheitane til eit lokalt forlag som fekk trykt opp 2000 nye eksemplar. Og etter det eg har høyrt så gjekk salger utmerket, meire enn 1500 bøker vart solgt før jul.

Forfatteren av denne boken var Ingebrigt Davik som eg faktist er i slekt med, langt ute, men dog :-)

Boka er ein ypperlig gave til barn i alle aldre, spesielt til dei som vaks opp med desse fortellingane og sangane i barnetimen for dei minste på NRK radio for ein liten mannsalder sidan.

På denne linken kjem dåkke til Taremaryby bloggen der boka er nærmere beskrevet, den kan også bestillast frå samme stedet.

Kos dåkke med desse fortellingane.

tirsdag 12. januar 2010

Gamle bilder på nettet



Fylkesfoto arkivet har masser av gamle bilder liggande på internett, berre frå Sponland arkivet er det ca 46000 person bilder frå tiden rundt 1910 - 1920. Totalt innholder arkivet etter ein grov kalkulasjon ca 290.000 bilder.

Den lokale DIS gjengen har vøre svært sentralt med på å registrere desse bilda, dei holder på med 9. - året no. Eit imponerande arbeid av denne gjengen, all honør til dei.

Eg sjølv har funnet mange gamle bilder av min egen familie der inne og eg trur at dei fleste som tar seg ein tur dit vil finne noko.

Her finner dere arkivet.

fredag 8. januar 2010

Vinter, snø, kaldt og litt data

Og det er well det normale på denne årstida, skjønt det er sjeldant at det er så mykje snø og så kaldt her på Sunnmøre som det har vøre den siste uka.

Dagane no på nyåret har gått med til snømøking (Kjekt med freser) litt data og litt slektsarbeid.

Kjøpte meg ny maskin før jul med Windows7 på og det fungerer utmerket, så utmerket at eg lurer på å oppgradere nokre andre maskiner til det samme.

Ellers så har det no hendt at det trådløse nettverket her i huset har småkrangla litt så ikkje alle har vøre like fornøgde med det. Så då tok eg like godt å testa noko nytt, nettverk via straumen i huset. Invisterte i to stk "nettverksplugger", plugga dei inn, ein kabel inn på den trådløse ruteren og ein inn på ein bærbar pc i ein annan etasje. Det har så langt fungert utmerket sjølv om eg ikkje heilt fulgte anbefalingane frå produsenten ;-) Hastigheita er heilt ok til mitt bruk og for dei som slit med sitt trådløse nettverk så er dette eit godt alternativ. Finst mange typer på markedet, eg leita litt og fant "Best i test" og kjøpte dei. For den som lurer så er desse laga av Devolo, pris på nettet for ein 2-pakk varierer mellom 800 og 1600 kroner så her er det penger å spare for den som leiter litt :-)

God helg til alle og vær forsiktige med kulden, ikkje sovne ute ;-)

fredag 1. januar 2010

Godt nytt år til alle mine venner


Ellers ikkje så mykje meire å sei på ein slike dag.

Ikkje har eg så mykje å sei om det gamle året, og ikkje har eg så mykje planer for det nye heller så eg trur at det som kjem til å skje det vil skje uansett om eg har nyttårsløfter eller ikkje :-)

Så kos dåkke med det nye året.