mandag 15. august 2011

Kina, August 2011

No ligger vi til ankers uttaføre Ningbo og venter på kaiplass. Og for den
som lurer så ligger Ningbo rett sør for Shanghai.

Første havna i Kina var Xiaohudao som ligger på innsida av Hong Kong. Har
eit inntrykk av at vi passerte fleire tusen båter på vei inn dit, og ikkje
alle brydde seg om vikeplikt og sånt noko. Men men, vi kom no oss både inn
og ut så…

På veien ut ifrå Xiaohudao vart vi forresten truffet av eit lyn som knuste
antenna og noko anna tjafs på hovedradiosenderen vår så nå er vi uten
hovedradio. Samme lynet tok også knekken på diverse anna utstyr også, men
skuta fungerer like godt for det, vi har backup systemer som vi bruker i
sånne tilfeller.

Siste havna i Kina denne gangen er Jiangyin som ligger like nord for
Shanghai, ca 130 nm nord for her oss er no.

Når vi er ferdige her i Kina setter vi kursen over til Ulsan i Sør Korea og
då regner eg med at eg kjem meg heim derifrå ein gang i slutten av månaden.

Sidan eg sist tok med bilde av eit Indonesisk skip så tar eg med ein Kineser
denne gangen. Litt grått, men det er været sin skyld :-)