mandag 30. august 2010

Backup av data


sørger du vel for å gjere både titt og ofte ?

Akkurat no i dag så "kom" det inn ein melding om at ein Mac med slektsprogram og ca 15000 personer i basa hadde havarert. Og sjølvsagt ingen backup, mange års arbeid kan være i ferd med å gå tapt.

Ein ekstern USB harddisk på 1000 GB koster i dag langt under 1000 kroner, på ein sånn har du plass til alle bilder, dokumenter og andre data du er redde for. Oppbevar gjerne denne hos din nærmeste familie eller venner. Og om eit år eller to så kjøper du ein til og så bytter du på å ta backup mellom desse to, då skal det mykje til for at alt skal ryke på samme tida.

Dagens bilde har eg ærligt og redeligt lånt ute på nettet ein plass :-)

Store gutter tar sjeldant backup, men dei gråter ofte...

torsdag 19. august 2010

Første skuledagen til Sofie


Det var ei spente jente som vakna opp i dag for å byrje på skulen.

Ny skulesekk, nytt penalhus og eg veit ikkje kva...

Det såg no ut som ho og dei andre trivdest når dei møttest etter ferien, nesten alle sammen som går i hennes klasse kjenner kvarandre frå før frå barnehagen.

Seinare i haust får dei no flytte inn i ein heilt ny skule som er nesten ferdigtbygd, berre siste finpussen igjen før den er klar.

Bildet er tatt på skuggesida av huset, sjølvsagt så vart ein sånn dag ein solskinnsdag og då er det ikkje alltid så lett å få til fine bilder ute.

fredag 13. august 2010

Buholmstrand ulukka 13 august 1885

På den dagen i 1885 så bles det opp til nordvest storm på Sunnmørskysten.

Mange båter frå Ålesund var ute på fiske og av desse så forliste sju stykker, dei fleste høyrde heime på Buholmstranda i Ålesund. Derav navnet på ulukka.

Totalt så omkom det 33 mann, berre to mann frå desse sju båtlaga overlevde. Den eine som overlevde var den då 26 år gamle Petter K. Lausund, han flaut på kvelven i 18 timer før han vart funnet og berget av fiskedampskipet "Herø". Den andre som overlevde dreiv omkring i ein båt full av sjø i tre døgn før han vart berget av folk frå Vigra.

For ein gangs skyld så har eg ikkje registrert at nokon av mine gjekk med i denne ulukka, det er heller sjeldent :-) Men denne karen som overlevde kom nok i frå Lausund på Lepsøya og då er eg med stor sannsynligheit i slekt med han.

torsdag 12. august 2010

Til ettertanke - Mamma kan...

Denne var på facebook for ein stund siden, kanskje noko å tenke på for gammal og ung, før det er for seint:

4 år: Mamma kan alt.
8 år: Mamma kan mykje.
12 år: Mora mi kan faktisk ikkje alt.
14 år: Muttern skjønner ingenting.
16 år: Muttern er håpløs.
18 år: Hu der? Hu har gått ut på dato.
25 år: Mamma veit kanskje litt om dette.
35 år: Før vi bestemmer oss, spør vi mamma.
45 år: Lurer på hva mamma tenker om dette.
75 år: Skulle ønske eg kunne snakke med mamma om dette.

onsdag 4. august 2010

Heime igjen

Har no komt meg heim igjen etter ein rolig siste uke ombord i skuta, det var omtrent blikkstille hav rundt Sør Afrika, sjeldant syn egentligt. Og med slikt fint vær så ser vi virkeligt alt dyrelivet i havet der nede. Masse kval og sel vart observert og eit yrande fugleliv i tillegg.

No skal det iallefall bli godt å få meg ein liten ferie her heime...