onsdag 12. april 2017

God påske frå oss i Søvika


Då var det den tida på året igjen, påske og tilhøyrande skitvær, iallefall i dag.

Men eg skal ikkje ut på ski så det blir nok mykje innepåske med god mat og ein dose med slektsforskning vil eg tru, ikkje usannsynligt at det vil dukke opp ein oppdatering av mine TNG sider også.

Ser at denne bloggen har nesten gått inn i dvale, mangler faktisk eit innlegg som eg trudde eg hadde lagt ut i juletider men men...

Ønsker alle ein fin påske, spesielt alle mine venner og kollegaer som feirer den ute til sjøs, langt frå sine kjære i land.