torsdag 28. juli 2011

Tur på Østen

Då har eg vøre om bord ein liten uke, rimeligt travelt nokre dager men nå
har det roa seg ned lite grande.

Reisa om bord gjekk for så vidt greitt, for meg. Eg kom meg i gjennom
innsjekkinga til Indonesia i Hong Kong, men dei tre eg reiste sammen med kom
seg ikkje igjennom pga manglande bekreftelse på visum så dei fekk seg ein
ekstra overnatting i Hong Kong.

Etter eit par netter på hotell i Surabaya så gjekk turen til Gresik og vi
gjekk om bord der. Etter Gresik så gjekk vi hit til Singapore hvor vi er no,
regner med å gå herifrå til kvelden, natt til fredag.

Turen videre blir omtrent som slik: Pore Klang (Kelang) i Malaysia, Map Tha
Put (Mapthaput) i Thailand (Ved siden av Rayong) Så innom Kina, tre havner,
nemligt Xiaohudao, Ningbo og Jiangyin. Deretter muligens Yosu i Korea før vi
ender opp i Ulsan i Korea som foreløpig er siste havn her på Østen før
kursen settast over Stillehavet mot Panama og Houston området.

Dagens bilde er av eit Indonesisk skip, typisk for dei som går til mindre
plasser langs kysten der.

God og terrorfri helg ønskes alle sammen.

fredag 8. juli 2011

Dropbox - Forenkle datalivet

Er du som meg med fleire pc'er, mobil med kamera etc så har du sikkert opplevd alt bryet med å finne rette fila på rette maskina.

Eg har no ein stund brukt eit lite enkelt program som heiter Dropbox.
Installerer du dette programmet på fleire pc'er så får du lett tilgang på dei filane du vil ha. Filer som du laster opp her kan du nemligt finne på alle pc'er som har Dropbox installert. Det finnst også ein liten app for smarttelefoner også så laster du opp feks bilder frå mobilen så har du dei straks på pc'en utan noko styr med kabler etc.

Det finnst også muligheiter til å laste opp eit bilde feks til Public folderen på Dropbox, her får kvar enkelt fil ein egen adresse på internett. Denne adressa kan du sende til alle som du vil skal få tilgang til feks dette bildet.

Dropbox finn du her, standard utgaven har ein lagerplass på 2 gb og er gratis, ønsker du meire plass så kan det kjøpast, men 2 gb holder lenge til normalt bruk. Også ein fin plass til å plassere feks sikkerhetskopier av dine slektsdata :-)