torsdag 1. januar 2015

Velkommen 2015


Vil ønske all familie, venner og kjente eit godt nytt år.

Håper at alle har hatt eit fint 2014, men veit sjølvsagt at det ikkje er tilfelle. I løpet av året har vi mista mange kjære, kjente og venner, ingen nevnt ingen glemt.

Det er nok mange som har sett opp ein liste over nyttårsforsett, det har ikkje eg, tenker at eg har nok med å oppfylle listene frå det siste tiåret uansett :-) Men, den eine tingen som eg nevnte for ca 1 år sidan var at eg skulle prøve å få igang igjen lokallagsgruppa av DIS-Haram, og det har lykkast, kun eit møte i slutten av året, men med nye ildsjeler som hjelper til så håper eg at vi kjem igang igjen for fullt i 2015, også i den tida eg ikkje er heime :-)

Eg vil også fortsette med å legge ut nye slektsdatabaser på mitt TNG nettsted som du finner Her Ved hjelp av denne sida har eg komt i kontakt med mykje slekt og det er kjekt.

Jula og nyttåret 2014 har eg og oss andre om bord i Flaggskuta Bow Firda stort sett feira i Korea, julaftan og det meste av romjula tilbrakte vi til ankers uttaføre Daesan i Sør-Korea. Vi var så heldige at vi kom oss ut ifrå Yosu tidligt på nyttårsaftan, men værgudane sto oss ikkje bi på nyttårsaftan og natt til første nyttårsdag, ein voldsom slingring så det meste låg strødd rundt omkring - Jadda, vi hadde gjort sjøklart, men man kan ikkje gardere seg mot alt :-)

Så ennå ein gang: Ha eit riktigt godt nyttår og takk for det gamle.