fredag 18. januar 2013

Kem e eg ?

Eg har ein steike god kompis, eg har aldri truffet han "live" men vi har snakka mykje sammen via DIS Chatten og andre ting og eg føler at eg har kjent han i mange år, fysisk har vi aldri truffet kvarandre, men eg føler at det nærmer seg eingang :)

Han skreiv for nokre dager sidan eit inlegg i slektsforumet som eg synest var veldigt godt og well verdt å lese.

Her er linken til det: Henning sine ord

fredag 11. januar 2013

Langtur Houston - Durban

Så har vi endeligt komt oss i sjøen igjen.

Etter omtrent ein månad under land i USA så har vi endeligt komt oss ut og satt kursen mot Durban i Sør Afrika.

Det er ein lange tur, stort sett med vind og sjø imot heile veien (Gammal erfaring) så gjennomsnittsfarta vår i desse sparetider med kun 29,5 tonn fuel til hovedmotoren er på 13 til 13,5 knop. så vil det ta ca 27 døgn før vi er framme.

Ruta på denne turen er kort som følger: Kortaste vegen ut av ECA (Lavsvovel området) så nord om Cuba og Haiti/Dominikanske republikk, ned gjennom Mona kanalen og så søraustover og ut i Atlanteren via St. Lucia kanalen som ligger sør for Martinique. Deretter er det omtrent strake kursen mot Durban.

På ein tidligere tur i samme området berga vi på 1. mai 2009 ein mann i ein åpen båt, han hadde fått problemer med motoren sin og var på det tidspunktet vi fant han ca 200 km frå land. Du kan lese meir om dette Her.

Ellers så er det ikkje så mykje meire å sei om denne turen bortsett frå at den er lang, spesielt med tanke på at skiftedato denne gangen er 15. januar, blir nok nesten 3 uker lengre før vi er heime denne gangen.

Dagens bilde viser skipet i ein stille stund til ankers uttaføre Galveston ein av dei første kveldane i 2013.

Ha ein fin weekend alle som leser dette :-)