torsdag 31. mars 2011

1. April

Er ein dag vi narrer kvarandre.

Kvisleis denne skikken oppstod kan eg ikkje fortelle deg, heller ikkje kor
gammal den er… Eg har nemlig ikkje forbindelse til internett og Wiki her så
det må du slå opp sjølv :-)

Eg trur nok at eg har narra mange fleire enn eg har blitt narra sjølv – I
allefall slik eg husker det ;-)

Ute til sjøs har det vøre mange gode 1. april spøker, men dei passer nok
ikkje til å bli gjentatt her.

Legger ved ein liten stripe som viser forskjellen mellom kvisleis barn
oppfatter dette kontra kanskje Fruen som blir lurt :-)

God fornøyelse og ikkje gå i fella no då.

fredag 25. mars 2011

Å male skipsnavna på kaia

Var vanligt i gamle dager, ikkje så mykje i dag, delvis pga restriksjoner
når det gjelder maling i havn, kan søle ein dråpe på sjøen skjønner du :-/
Eller at mannskapet ikkje har samme stoltheita over å være om bord eller
markere sitt skip.

Men ein og annan plassen kan vi framleis sjå dette utført, dagens bilde er
frå ei kai i Aratu, Salvador, Brasil. Tydeligvis mykje Odfjell skip som
bruker å være her…

Og ein god del kjentfolk ser eg også :-)

God helg.

lørdag 19. mars 2011

Om bord i Aratu-Salvador, Brasil

Då var eg tilbake i kvardagen igjen, reisen ned til Salvador, Brasil gjekk
greitt. Etter ei natt på hotell så kom vi ombord i skuta på onsdag
føremiddag. Det føltest omtrent som om at eg ikkje hadde vøre heime i det
heile tatt, mao her er alt ved det gamle…

Turen går etterkvart videre nedover Sør-Amerika, neste havn er Santos, så
Paranagua (Der har eg ikkje vøre sidan 1976) og så forskjellige havner i
Argentina. Kjem tilbake til desse seinare.

Her er det sol og sommer, gode 30 grader ute så det er ikkje mykje som
minner om vinter.

Koz dåkke der heime.

onsdag 2. mars 2011

Bygdebok for Grytastranda, Haram kommune

Som kjent frå før vil det etterkvart komme ut bygdebøker for Haram kommune.

På kulturkvelden og årsmøtet i Hamnsund Sogelag sist uke vart det oppgitt at første band i denne serien mest sannsynligt vil komme ut til hausten.

Bygdebok prosjektet i Haram er egentligt delt i to, den delen av kommuna som kom frå gamle Borgund kommune, Grytastranda, Søvika og Gamlem vil få to? bøker, der den første omhandler Grytastranda og det er denne som kjem først. Forfatter for desse er Randi Ingunn Selnes som har gitt ut ein del slike bøker før, blant anna for Nesset i Romsdalen.
Desse gardane i dette området er også nemnt i Borgund og Giske 4.

I den "gamle" delen av kommuna som omhandler Hildrestranda, Brattvågen og Nordøyane er også arbeidet i gang, har her høyrt eit rykte om at det vil bli tre bøker for dette området. Forfatter av desse bøkene er Stein Arne Fauske.

Og som kjent har siste delen av kommuna som inneholder Vatne/Tennfjord området samt bygdene på nordsida mot Romsdalsfjorden allereie sine egne bøker, Vatne bygdebok, band 1 og 2. Sidan gamle Vatne kommune også inneholdt deler av Dryna og Midøya så er nokre av gardane her også omtalt i desse bøkene. Forfatter av desse bøkene som kom ut i 1983 var Harald Slyngstad.

Eg gleder meg til alle desse nye bøkene står i hylla her :-)