lørdag 18. juni 2011

Hurtigruten på tur


At noko så kjedeligt i utgangspunktet skulle bli så fasinerande er heilt utruligt.

NRK TV2 har visst sett nye rekorder for oppslutning om denne kanalen etter denne satsinga.

Eg sjølv vart setande å sjå på turen innover mot Geiranger, mykje på grunn av at eg har slekt ifrå omtrent kvar einaste fjellgard som vart vist på tv'en.

Skjedde det samme med turen frå Ålesund og til Molde, vart setande nesten pal for å beundre bilda frå den vakre naturen vi er så heldige å ha i Norge. Dessutan så dukka det faktisk opp fleire kjentfolk på bilda frå denne strekninga.

Det er framleis nokre dager til før MS NORDNORGE er i Kirkenes så eg anbefaler alle å ta ein titt enten på TV'en eller HER på internett.

Det lille bildet eg har av skuta har eg "lånt" frå NRK sine sider...

Enjoy.

søndag 5. juni 2011

Skanna kyrkjebok for Hamnsund kyrkje 1917 - 1952


Vi har vel ikkje akkurat vøre bortskjemde med nyere skanna kyrkjebøker her i Hamnsund området, men no er i allefall Klokkerboka som omhandler Hamnsund kyrkje i åra 1917 til 1952 lagt ut på Digitalarkivet.

Boka inneholder fødde og døpte, døde og begravede i perioda 1917 til 1930. Etter 1930 er desse data "låst" for innsyn på internett pga personvern og/eller andre klausuler.
Boka inneholder også ekteviede, her frå 1917 og til 1952. Fleire kjente navn som dukker opp her.

Vil du sjå sjølv så kan du gå inn Her på Digitalarkivet.