mandag 28. februar 2011

TV-Serien "Hvem tror du at du er"

har nå gått sin seiersgang over Norske tv-skjermer.

Åtte forskjellige program med åtte forskjellige skjebner.

Det var to program eg i utgangspunktet stillte store forventinger til, det om Kåre Willock og det om Kristin Krohn Devold.

Hadde eit håp om at programmet om Kåre Willock skulle komme innom hans slekt på/frå Saure i Hjørundfjorden (Eine bestefaren hans kom derifrå), men det vart ikkje nemnt så der sat mei tilbake med skjegget i postkassa.

Siste programmet i serien var om Kristin Krohn Devold, her visste eg at vi hadde felles aner frå Devold i Rauma. Men det kom også fram i programmet at hun hadde aner frå Haram på Haramsøya og på Roald på Vigra. Ein kjappe sjekk i min database samt innføring av eit par manglande ledd så var vi i slekt den veien også. Langt ute er det så sånne slektskap går mest under namnet Allmenninger :-)

Vil du sjølv starte med denne fasinerande hobbyen så er beste startpunktet her på DIS-Norge sine sider.

Her finner du kurs og informasjon for nybegynnere, informasjon om slektsprogram, eit flott Slektsforum hvor du kan spørre om hjelp, samt lokale sider frå våre lokallag, feks denne frå Haram kommune. Og ikkje å forglemme, DIS-Chatten, eit live forum/Chat der du kan få svar på dei mest utrulige ting på eit øyeblikk.

Som mei sei, på Chatten er intet umuligt, det umulige tar berre litt lengre tid.

lørdag 19. februar 2011

Bokhylla, gratis bøker på nettet



Bokhylla, meire enn 50.000 norske bøker på nettet, av desse ca 8500 bøker som kan lastast ned gratis som PDF.

Her kan du finne litt av kvart, masse bygdebøker som kanskje er av mest interesse for oss slektsforskere.

Ellers er det eit variert utvalg av bøker, også ein del lokalt for blant anna Haram kommune sitt område.

Det er vel verdt å ta turen innom, kanskje du også finn noko du liker.

Her er Bokhylla.

onsdag 2. februar 2011

Sogelaget for Hamnsund sokn


har som normalt komt med sitt årlige skrift, Årsskrift 2010, dette er det 19 i rekken og eg er så heldig at eg har alle 19 i mine hyller. Dette kom ut før jul og dei fleste har nok fått det med seg.

Som vanligt er dette eit fyldigt og variert årsskrift med mange forskjellige artiklar og tema. Største og lengste artikkelen i denne utgava er skrevet av Per Hånes og omhandler skulen i Søvika i åra 1970 til 2010. Det passer godt for i 2010 vart det opna ein ny og moderne barneskule i Søvika. (Første del av skulehistoria, 1920-1975 er omhandla i årsskriftet for 2009)

På framsida av dette årsskriftet er det bilde av MS Skandi Aker som vart valgt til ”Ship of the year” for 2010. Dette er verdens første mobile borerigg bygd på eit skipsskrog. Kanskje ikkje så mykje lokalhistorie akkurat no, men er ein så stor begivenheit at eg forstår godt at dette kom med i årets utgave.

Ellers så er det tre artikkler om det folket som vi i dag omtaler som ”reisende”. Dei har hatt mange navn igjennomtidene, og her er dei omtalt som ”Splint”, ”Tater” og ”Fantefylgje”.

Bjørn Jonson Dale har ein artikkel om den gamle storgarden Søvik og om dei som kom derifrå. ”Studenten, Tausa og Gullungen. Opphav til Mechlenburg’ar, Friis’ar og andre fine Ålesundborgarar” som han skriv sjølv. Denne artikkelen kan du også finne her på nettet.

For oss som også driv med slektsforskning er der fleire interessante artikler, blant anna ein om Georg Ingvald Skjeldrup som stamma blant anna ifrå ei grein i Sunnylven og ei grein ifrå Wærran på Ytterøy i Nord-Trøndelag.
Denne mannen som gjekk under namnet ”Skjegge Skjeldrup” er omtalt som ein orginal globetrotter og verdensborgar. Mykje er skrevet om denne mannen, blant anna skreiv Gerhard Kjølås boka ”Skjegge Skjeldrup” som vart utgitt i 1972. Denne artikkelen i årsskriftet er skrevet av mangeårig medlem av DISNorge, Asbjørn Scheldrup.

Årsskriftet anbefalast på det varmaste og kan som normalt skaffast hos Sparebanken Møre i Søvika og hos Bok & Papir i Brattvågen.

Eg låner eit uttrykk frå ein større kjede: Løp og kjøp :-)