mandag 31. desember 2012

Godt nyttår 2013


Då var vi komt til siste dagen dette året også. Eit år som har vøre på det jamne uten hverken dei store opp eller nedturane for min del.

Vi ligger akkurat no i Texas City, litt sør for Houston. Bortsett frå ein liten svipptur bort til Point Comfort har vi vøre i dette området heile jula og vi får nok nokre dager til her før vi kan sette kursen mot varmere strøk. Den turen vil gå mot Sør Afrika der vi i første omgang skal til Durban. Og det blir nok heimreise for oss Norske derifrå, noko forsenka ifølge skiftplanen, men slik er no dette livet, finnst ikkje noko særligt med flyplasser ute i sør Atlanteren.

Så då vil eg sei takk for det gamle og samtidigt ønske alle eit riktigt godt nyttår 2013.

søndag 23. desember 2012

God jul frå meg om bord i Bow Firda


Det vart som forventa, julefeiringa kjem midt i Houston oppholdet så her blir det ikkje mykje julefeiring...

Som ein kar skreiv her ein dag: Vi får klippe ut dei raude dagane av kalenderen og så får vi bruke dei i januar eingang når vi er komt i havet igjen.

Mykje arbeid på gang så denne jula blir det ikkje så mange personlige helsinger eg sender ut, men eg vil benytte anledningen her til å ønske alle venner og kjente ein riktig fin og fredfull jul.

Forresten, akkurat no på ettermiddagen har vi eit strålande vær her, 26 grader, ikkje mykje som minner om Norsk jul :-)

onsdag 12. desember 2012

Juleturen 2012 Bow Firda

Starta med fly frå Vigra til Gardemoen og ein natt på hotell der. Grytidligt opp neste morgon og nytt fly til Schippol, flybytte der og nytt fly til Detroit. 8 timer venting på flyplassen der før nytt fly til Barton i Maine, der vi landa rundt midnatt. Bil til hotell i Searsport der vi ankom 0200 på natta og reiste om bord i skuta kl. 0800.

I Searsport lossa vi noko cargo før vi gjekk til New York og to kaier der. På kai nr 2 kom også Bow Faith sigande rett før vi gjekk så det blir dagens bilde :-).

Akkurat no er vi i Wilmington, kom inn seint i går ettermiddag og starta lossinga. Forhalte (Skifta kai) no på morrakvisten og ligger no og losser igjen. Her i Wilmington såg vi også snurten av Bow Fortune som i likheit med Bow Faith er eit av våre søsterskip. Flotte skuter desse Kværner bygga :-)

Forventa avgang Wilmington i kveld, natt og då setter vi kursen mot New Orleans. Turen dit tar ca 3,5 døgn frå los til los.

Travle dager, ikkje meire enn ein uke sidan eg reiste heimafrå :-)

Sjølve jula, romjula og nyttåret ser det ut som om vi får i Houston området, så det blir nok ein jobbe jul, men slik er det i dette yrket.

Kjem nok snart tilbake med ein ny rapport, ha ein strålande dag alle som leser dette.