tirsdag 20. juli 2010

Og sånn går no dagane.

Vi er no komt langt ned i Sør Atlanteren, nærmaste land for øyeblikket er
klippeøya St. Helena der den kjent keiseren Napoleon Bonaparte døde av
magekreft 5. mai 1821. Han var forøvrigt fødd i Ajaccio på Korsika 15.
august 1779.

Det er i dag 17 dager sidan vi gjekk i frå Freeport i Texas, og det er ennå
minst 8 dager til vi er framme i Richards Bay i Sør Afrika. Så det er ein
lange tur.

Været er blitt betre dei siste dagane etter ein litt rufsete uke, men tempen
er på full fart ned, for øyeblikket er det ikkje meire enn 24 grader i sjøen
og 26 i lufta. Om kveldane no så går tempen ned imot 20 grader så det er
snart på tide å sjå om det finnst langbukser i kleshaugen oppe på lugaren.

Ikkje så lenge før vi er nede på kystan av Sør Afrika og då kan vi risikere
litt av eit vær der ned, masse sjø og vind, er tross alt vinter på dei
kanter av verden.

Ønsker alle ein fortsatt fin sommer på den andre kanten av verda, om knappe
to uker så er eg nok der sjølv.

tirsdag 13. juli 2010

Passering av ekvator og Linjedåp

Var i gamle dager ein liten begivenheit, var det første gangen du gjorde
dette så fekk skuta besøk av Kong Neptun og hans folk, då skulle du nemligt
døypast. Vart ofta ein fin fest ut av det besøket…

Eg sjølv vart døypt ein gang i 1976 på vei sørover frå Tampa med den
Ærverdige skuta Bow Queen, lasta ombord var fosforsyre og vi var på vei til
Paranagua i Brasil. Dåpen foregjekk på ein laurdag og vi var ein 5-6 stykker
som vart døypte, eg fekk navnet "Den Store Havhesten". Dette
dåpssertifikatet mitt henger heime ein eller annan plass, men sist eg såg
det så var det så falma att det knapt kunne lesast – og det er jo synd.

Denne skikken med linjedåp er nå i ferd med å forsvinne frå vanlige skip –
og det er jo ennå meire synd.

Vi passerer ekvator rett før midnatt i dag vår tid, dvs litt før 0400 Norsk
tid, natt til onsdag.

Og været er framleis strålande, over 30 grader i både sjø og luft.

onsdag 7. juli 2010

På vei sørover havet

Er nå på vei mot Richards Bay i Sør Afrika, ein lange tur frå Freeport,
meire enn 24 døgn med dagens marsjfart.

Sista dagane har vi passert på nordsida av Cuba, Haiti og den Dominikanske
Republikk, no er vi på vei ned i mot Martinique området der vi stikker ut i
Atlanteren. Så går kursen videre nedover langs kysten av Sør Amerika,
Venezuela, Gyuana, Surinam, Fransk Gyuana og så Brasil. Brasil kysten følger
vi heilt ned til Natal området der vi går videre ut i havet med kurs for Sør
Afrika.

I morgon (Torsdag) ettermiddag er vi i det området som vi for eit godt år
sidan plukka opp ein "forlist/Savna" fisker, om denne linken stemmer så kan
du lese meire om det der: Ønsker alle ein fortsatt fin sommer.