onsdag 4. juli 2012

Houston, Texas

Første del av Houston oppholdet er no over.

Vi har hatt tre lossekaier der vi har lossa til sammen nesten 26.000 tonn
med forskjellige laster. I tillegg har vi måtta ha to ventekaier fordi
lossekaiene var opptatt.

Ein god del av gutta har også hatt anledning til å stikke ein tur på land på
shopping og det er bra, sjeldant at det klaffer slik.

Eg sjølv har også fått anledning til å sette foten på landjorda og det skjer
ikkje kvar tur. Vi vart liggande på Shell for å losse eine partiet og bak
oss låg Bow Sun og då dukka det sjølvsagt opp kjentfolk derifrå som kom om
bord for å besøke oss på Firda. Dette besøket måtte sjølvsagt gjengjeldast
så ut på laurdags ettermiddagen rusla vi ein tur om bord til dei, der fekk
vi ein god mottakelse, god kaffi og nydelige vafler til kaffien. I tillegg
så rakk vi ein liten omvisning om bord før vi måtte tilbake til Moderskipet.


Det er synd at sånne anledninger er så sjeldne, men vi setter desto større
pris på dei når det skjer.

Akkurat no så er vi ute i havet eit tur for reingjering av tanker og
klargjering for lasting neste reise. Vi er litt tidligt ute for denne reisa
så vi kan risikere at det blir ein del venting før vi byrjar å laste. Det er
også snakk om at vi skal innom Port Neches ein tur for å hente noko last
der, men det er foreløpigt litt flytande.

Været her ute i gulfen er strålande, sol og ein fine trekk som gjer at det
ikkje følast alt for varmt, for øyeblikket er det 34 grader i skyggen ute og
30-31 grader i sjøen.

Ser forøvrigt at det er 4. Juli i dag så "Happy Birthday Amerika". Kanskje
like greitt at oss er her ute, ikkje så altfor mykje som skjer på ein slik
dag under land.

Dagens bilete er frå turen vår om bord i Bow Sun, det viser ein stolt Chief
framom hovedmotoren sine nede på bunndørken. Og som dåkke ser så var der
reint og fint om bord, Vanlig topp Odfjell standard.