torsdag 31. desember 2015

Velkommen 2016 og Godt nytt år til alle.


Vil ønske all familie, venner og kjente eit riktigt godt nytt år.

Håper at alle har hatt eit fint 2015, men veit sjølvsagt at det ikkje er tilfelle. I løpet av året har vi mista mange kjente og venner, ingen nevnt ingen glemt.

Det er nok mange som har sett opp ein liste over nyttårsforsett, det har ikkje eg, tenker at eg har nok med å oppfylle listene frå det siste tiåret uansett :-)

Vil nok også fortsette med å legge ut nye slektsdatabaser på mitt TNG nettsted som du finner Her Ved hjelp av denne sida har eg komt i kontakt med mykje slekt og det er kjekt.

Så ennå ein gang Ha eit riktigt godt nyttår og takk for det gamle.

tirsdag 22. desember 2015

Julehelsing frå Ingmar, Rod og Sofie i Søvika



Då var atter ein jul komt over oss. Noen feirer heime med sine kjære og andre feirer dagen på jobb langt vekke. Men slik er livet og dei som feirer dagen andre plasser har stort sett valgt dette sjølv.

I år er eg av dei som får feire jula heime sammen med mine kjære så eg skal ikkje klage :-)

Ikkje så mykje julestemmning akkurat, meire som haust ute, 9 grader pluss og regn innimellom.

All maten er komt i hus, her går det i pinnekjøtt, dampa tørrmør, grisemør, diverse seafood som reker og scallops samt masse grønnsaker av ymse typer.

Vil ønske alle våre bloggevenner, chattevenner og andre venner og familie ein riktig fin og fredfull jul og eit strålande nyttår når den tida kjem.

Ta godt vare på kvarandre no, det er det viktigaste av alt, det er dessverre ikkje alle som får feire jula samman med sine egne...

Merry xmas to our family and friends in Thailand and Philippines :-)

สุขสันต์วันคริสต์มาสกับครอบครัวและเพื่อนของเราในประเทศไทย

onsdag 16. desember 2015

Sogelaget Hamnsund, årsskrift 2015



Sogelaget for Hamnsund sokn har som normalt komt med sitt årlige skrift, dette er det 24 i rekken og det fjerde i serien som er innbundet i stive permer.

Som vanligt er dette eit fyldigt og variert årsskrift med mange forskjellige artiklar. Største og lengste artikkelen i denne utgava er om Gamlemshaugen i krigsåra 1940 til 1945. Denne artikkelen, eller samlinga av småhistorier er ført i pennen av Per Atle Ulvestad (1943-2005) i 1985/86 og er tidligere publisert i eit hefte med svært lavt antall så nå får mange fleire lese dette. Også mange flotte bilder i forbindelse med denne artikkelen.

Øyvind O. Kjerstad har skrevet om alle dei første båtane som vart bygd på/ved Søviknes Verft i åra 1947 til 1954. Felles for alle desse var at dette var treskuter, første jernskuta vart bygd i 1955.

Ein artikkel om ein del av dei forskjellige fiskebåtane på Grytastrande finn du også i dette heftet sammen med ca 26 andre artikkler fordelt på omtrent 210 sider. Også mange fine bilder i boka frå leik og arbeid, krig og fred.

Som Bygdebladet på Skodje skreiv det:
"Frå krigsdrama og skipsulukker til salmevers og tran".

Årsskriftet anbefalast på det varmaste og kan som normalt kjøpast hos Sparebanken Møre, COOP og Spar i Søvika og hos Bok & Papir i Brattvågen.

Eg låner eit uttrykk frå ein større kjede: Løp og kjøp :-)