mandag 22. desember 2014

Julehelsing frå Ingmar


Då var atter ein jul komt over oss. Noen feirer heime med sine kjære og andre feirer dagen på jobb langt vekke. Men slik er livet og dei som feirer dagen andre plasser har stort sett valgt dette sjølv.

I år er eg av dei som feirer jula borte frå mine kjære, her blir det jul i Daesan, Korea.

Ikkje så mykje julestemmning akkurat, temperaturen ligger og vaker rundt 0 grader, det sner innimellom så vi får antagelig ein blanding av orange og kvit jul :-)

Vil ønske alle mine bloggevenner, chattevenner og andre venner og familie ein riktig fin og fredfull jul og eit strålande nyttår når den tida kjem.


Ta godt vare på kvarandre no, det er det viktigaste av alt, det er dessverre ikkje alle som får feire jula samman med sine egne...

tirsdag 16. desember 2014

Sogelaget Hamnsund, årsskrift 2014


Sogelaget for Hamnsund sokn har som normalt komt med sitt årlige skrift, dette er det 23 i rekken og det tredje i serien som er innbundet i stive permer.

Som vanligt er dette eit fyldigt og variert årsskrift med mange forskjellige artiklar. Største og lengste artikkelen i denne utgava er ein fortsettelse av "Dagbok frå Søvikreit". Ole Magnus Johanssen Søvik (Søvikreit) skreiv dagbok frå 1915 til 1929 og her er det utdrag av denne i tida 1926 til 1929, første bolken (1915-1921) stod i årsskriftet for 2012 og andre bolken 1922-1926 i årsskriftet for 2013. Som tidligere år er det Per Hånes som har skrevet av dette. Dette var tredje og siste delen av denne dagboka. Forfatteren av dagboka døde i 1931.

Det er ingen spesielle emner i denne utgava, men jubileumet for 1814 og 1914 er sjølvsagt nevnt. Eit register over merkepliktige fiskefartøy i Borgund kommune/Hamnsund sokn mellom 1950 og 1980 er tatt med, også ein artikkel om stortingsmannen Odd Vigestad og presten Hans Kornelius Søvik er tatt med.

I tillegg er det mange andre gode artiklar med mykje godt lesestoff og flotte fotografier frå ein svunnen tid.

Årsskriftet anbefalast på det varmaste og kan som normalt kjøpast hos Sparebanken Møre og COOP i Søvika og hos Bok & Papir i Brattvågen.

Eg låner eit uttrykk frå ein større kjede: Løp og kjøp :-)