onsdag 25. april 2012

Gards og ættesoga for Sandøy kommune, kapittel 6

Så var det neste kapittel i denne soga...

No har Sandøy kommune vistnok bestemt seg for å legge ned aksjeselskapet som står bak Sandøy soga. Det som no blir gjort er å tilsette forfatteren kommunalt i eit tidsavgrensa engasjement for å spare penger.

Så vegen videre blir å skrive ferdigt band 1 som skal omhandle Lyngværet, Orta, Sandøya, Sæterøya, Gåsøya og Finnøya. Går dette greitt så kjem dette bandet ut sommeren 2014.

Om det siste bandet som eventuelt vil omhandle Harøya nokon gang vil bli laga og gitt ut er førebels usikkert, men det ser ikkje lyst ut.

Eg har tidligere skrevet fleire blogginnlegg om denne saken, dei kan dåkke lese ved å bal nedover på denne siden.

torsdag 12. april 2012

The Margarets på Søvik skule

I dag kom det heim frå skulen ei litt stolt og glad jente.

Og årsaken til det var at 3 av medlemmane i gruppa The Margarets frå Giske hadde vøre på besøk på skulen og framført nokre av sine låter.

Og ikkje nok med det, hun hadde eit ark i handa der det fint sto: Til Sofie og så autografen til dei som hadde opptrådd.

Så vi måtte fyre i gang noko musikk og vi fant fort eit par av dei låtane dei hadde spillt på skulen.

Eit fint tiltak for barna så takk til dei som står bak dette og takk til gruppa som reiser rundt og sprer sånn glede.

Eg har høyrt eit rykte om at dei skal opptre ein annan plass her i området i morra, fredag. Dåkke har noko å glede dåkke til.

Ein liten omtale av gruppa finn du her på Wikipedia.

Og grunnen til at dette er omtala på ein slektsblogg? Well, med dei etternavna på nokre av desse karane så er eg temmeligt sikker på at det er noko fjern slektskap i sikte :-)

søndag 1. april 2012

God påske alle mine venner



Det vart heimepåske i år. Og det er no kjekt.

Været har foreløpig ikkje vøre noko særligt, men det går jo fint an å sete inne å pjaske litt med slekta :-)

Så eg benytter anledningen til å ønske fjerne og nære venner og slekt ein riktig god påske.