fredag 28. september 2012

Tur på Østen

Jaha, siden sist har vi vøre i Taichung på Taiwan. I Singapore, i Dumai og
Batam i Indonesia og til slutt Port Klang i Malaysia.

Etter Port Klang gjekk mei nordvestover til vi var ute av Malakka stredet og
så sette vi kursen sørvestover ned i gjennom det Indiske hav der vi til
slutt vil treffe Durban i Sør Afrika om ein knappe 14 dager. Og derifrå
setter nokre av oss etterkvart kursen for Norge og ein velfortjent ferie.

Vi kan ikkje gå for lang vestover i havet heller fordi vi då kjem inn i det
såkalla høgrisk området for pirater, men det går nok greitt uansett.

Siste døgnet har det minska med skip rundt oss så nå er det berre oss sjøl
på mils avstand.

Var akkurat ein tur ute på dekk, godt og varmt både i sjø og luft.

Og med tanke på gårsdagens fotballresultat der Hødd knuste Brann vil dette
bli ein særs fin dag :-) Det er godt å jobbe for eit Bergensselskap når sånt
skjer ;-)

Dagens bilete er av Bow Spring som vi møtte i Dumai når vi gjekk derifrå.

Ha ein fin helg alle som leser dette.

onsdag 5. september 2012

Litt frå Sør Korea

Då er første heile uka (og well så det) tilbrakt om bord.

Reisa til Sør Korea gjekk greitt, litt lita tid på flybytte i Inchon-Seoul,
men det gjekk bra. Det holder med ein halvtime om man "springer" rette vegen
:-)

Det vart ein natt på Hotel Lotte i Ulsan før vi gjekk om bord ut på mandags
morgonen. Måtte om bord litt tidligere enn planlagt fordi det var ein tyfon
ved navn Bolaven i anmarsj, og den kom, men det merka oss ikkje så mykje
til. Vi, sammen med alle andre skip måtte forlate Ulsan før den traff der så
vi stakk bortom Japsekysten og låg i dekning eit godt døgn der.

Tilbake i Ulsan så rakk vi akkurat ein ny operasjon på land før neste tyfon
kom, denne gang var det Tembin som kom opp frå Taiwan og besøkte oss. Samme
prosedyre, ut i havet og over mot Japan igjen. Denne tyfonen kom nordover
før den skar innover mot land, reiste rett over den Koreanske halvøya så vi
merka litt meire til denne enn den første, men ingen problemer.
Vindhastigheitane på desse tyfonane vart målte til 260 km i timen så det er
bra futt i dei :-)

Så var det tilbake til Ulsan for siste lossinga og så sette vi kursen mot
Pyeongtaek som ligger nesten oppe ved Seoul. Her fekk vi nokre dager til
ankers medan vi venta på at kaia vår skulle bli ledig.

Mykje rusk og rask i sjøen etter desse tyfonane, men vi har ikkje sett
større skader etter dei, sjølv om det er rapportert at det gjekk med ein god
del verdier og liv på deira herjing her i området.

I Pyeongtaek lasta vi frå ein "ordinær" kai så då blir det litt slanger
utover, når det dessuten er 8 meter med forskjell på høg og lavvann så blir
det ein del styr med gangvei, trosser og slanger. Dagens bilde viser skuta
på vei mot lavvann, men framleis ca 3 meter før vi er nede på minimum
vannstand. Grått og trist var det også som dåkke ser på bildet.

Og då er vi på vei sørover, Taichung på Taiwan er neste stopp, det blir nok
seint på fredagen lokal tid. Sol og sommer ute, det er godt :-)