mandag 14. september 2009

Slektsforskning for alle

Ja, no når vi går inn i den mørke tida igjen så vil eg anbefale folket å byrje med slektsforskning, Norges hurtigaste voksande hobby.

Ikkje er det vanskeligt, ikkje er det dyrt - I Norge så er faktisk alt som ligger på nettet, og det er mykje, gratis i motsetning til i diverse andre land.

Den største utgifta vil for mange bli den årlige kontigenten til DIS-Norge, nemlig 300 Kr. For å holde på med denne hobbyen så trenger ein ikkje å være medlem her, men det anbefalast på det varmaste. Som medlem av DIS så får du også kjøpe eit variert utvalg av slekts relaterte ting som lærebøker, anetavler etc etc til reduserte priser.

I DIS finnst det også ein rekke lokale grupper som i mange tilfeller møtast ein gang i månaden, her treffer du likesinnede og kan få hjelp til det meste. Vi har ein slik gruppe i Haram også og vi håper å komme i gang igjen med møtene våre no i denne månaden. Desse møtene bruker vi å holde på Tennfjord barneskule, ta med pc om du kjem, vi har trådløst nettverk.

På DIS sine sider er det ei oppkomme av forskjellige opplysninger, tjenester, linker til opplysninger etc etc, ta turen innom og sjå sjølv.
Startsida til DIS finn du her.

For å samle og systimatisere opplysningane holder det ikkje lenger med skoesker, det blir i allefall vanskeligt å lage rapporter for egen slekt direkte derifrå. Så her anbefalast det å ta i bruk eit slektsprogram, eg sjølv har prøvd/brukt ein del forskjellige gjennom åra men har no siste 5-6 år brukt samme programmet og det skal svært mykje til for at eg skal skifte igjen. Programmet som eg bruker i dag heiter Legacy, er egentligt amerikansk, men er fullstendigt oversatt til Norsk, både bokmål og nynorsk finnst.(Og vil du ha ut ein rapport på engelsk for å sende til ein amerikansk slektning så skifter du berre språk ved hjelp av eit par tastetrykk og så kjem rapporten ut på engelsk)

Standard utgaven av Legacy er gratis, Dø Lux utgaven koster 29 US$ og det er den vel verdt. Å skifte frå standard til Dø Lux'en gjerast ved å skrive inn ein kode i programmet og alle muligheiter blir opna, dette tar ca 15 sekunder å gjere om du bestemmer deg for dette.
Dei norske sidene til Legacy finn du her.

Vil komme tilbake seinare med fleire plasser du kan finne opplysninger som kan hjelpe deg i din søken etter slekt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar