fredag 11. desember 2009

Houston, Texas

Hadde egentligt tenkt å få blogga litt når vi var der, men det gjekk ikkje.

Agenten vår i området presterte å bruke 10 dager på å få ombord utstyr/modem slik at vi kunne koble oss opp mot internett. Det kom faktisk ombord kvelden før vi reiste heim :-/

I tillegg så har dei også i USA etterkvart gått over til digitale TV-Sendinger så då var det ikkje så mykje å gjere på i dei få tilfella vi hadde litt ekstra fritid...

Og så fekk vi oppleve vinter i Houston også, sist fredag så snøa det i heile området, det vart faktisk kvitt på bakken og fullt kaos med stengt Houston shipscanal i nesten 24 timer så kaoset var fullkomment :-)Temperaturen på natta kom ned i -2 grader så det vart farligt glatt enkelte steder for folk som ikkje er vande med det. Ifølge lokalkjente så var det faktisk 3. året på rad at dei hadde fått litt snø i desember. (Allereie på mandagen så var temperaturen oppe i 21 grader igjen)

Og då vart det heimreise og no set eg heime i Norge og koser meg :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar