tirsdag 23. mars 2010

Internett ombord i Bow Firda


Ville berre vise dåkke nokre glade karer her ombord som endeligt fekk bruke internett nokre dager her i Houston.

På dei aller fleste Odfjell skip finnst det ikkje internett og då har vi stort sett kun muligheita til oppkobling via eksternt utstyr i Rotterdam og her i Houston området.

Hadde dei som set på pengesekken i Bergen sett den gleda det blir ombord når gutta får koble seg opp så trur eg at dei kanskje hadde løsna litt på den nevnte sekken.

Internett tilgang for oss sjøfolk i dag er nok ein av dei viktigaste tingene vi mangler, det å kunne holde kontakta med familie og venner på ein normal måte skaper ein slik glede at sjølv dei med 9 månaders kontrakter ser lysere på dette livet som er temmeligt asosialt med mangel på dei fleste goder som dei som arbeider på land tar som ein sjølfølge.

Vi får håpe at det blir satt fortgang i dette arbeidet på våre skip, det kan også bidra til at også yngre folk vil satse på Odfjell som ein arbeidsplass også for framtida.

Odfjell er nemligt ikkje nokon dårlig arbeidsplass når alt kjem til alt

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar