lørdag 19. juni 2010

Oppe i Mississippi, Lousianna


Der har vi vert dei siste dagane, godt og varmt, faktisk heilt oppe i 40 grader på torsdagen.

På vår vei hit til Mississippi så såg vi ”litt” spor av det store oljesølet før vi kom så langt at vi gjekk opp i elva, men ikkje noko meire enn det vi har sett andre plasser i verden der oljesøl forekommer. Men det er nok meire olje lenger ut frå kysten. Denne elva er mektig, ifølge ein kar her oppe ein plass så transporterer den 1/3 av alt elvevannet i USA så då skal det noko til at oljen greier å komme seg heilt opp mot land her.

Ellers så er det like gale om ikkje verre her oppe når det gjelder reglane om å få komme seg på land, vi hadde ombord ein kar som måtte stå halvanna døgn ekstra fordi den eine terminalen vi låg ved ikkje tillot at nokon frå skuta fekk gå i land, og dette skjer med full oppbakking frå myndigheitene, kan ikkje rokke ved eigendomsretten og bestemmelseretten over egen eigendom – USA – Land of freedom ha ha ha…
Vi får legge dei samme begrensingane på Amerikanske sjøfolk og turister som dei gjer mot oss her så får vi sjå hvor lenge dette varer.

Ein annan ”artig” ting eg oppdaga med Lousianna er at her er det monopol på likkister, kun eit einaste firma som kan selge ”godkjente kister” her, og då skjønner alle at dei ikkje er særligt billige…

Dagens bilde er av ein av dei gamle hjulbåtane som det var masse av ein gang i tida, no ligger det stort sett kun to igjen langs kaia når vi passerer New Orleans.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar