onsdag 30. juni 2010

Hurricanen Alex

er nå på full fart inn mot land i grenseområdet mellom Texas og Mexico, ca
600 km sør for her vi ligg til ankers på utsida av Freeport.

Den skal visst treffe land no i kveld amerikansk tid, for øyeblikket er det
ein kategori 1 hurricane med vindstyrke på rundt 130 km/t og opptil 160 km/t
i kasta.

Som sagt så er den ca 600 km sør for oss, men er godt merkbar her også, er
nok ein bølgehøyde på minst 3 – 5 meter her så vi slingrer godt her vi ligg.
Ifølge værmeldinga så skal vi ha ein vindstyrke på ca 56 km/t for
øyeblikket.

Vinden presser mykje vann opp mot land så det er forventa at vannstanden ved
høyvann no i dag vil være ca 1,2 meter over normalen.

Det er også meldt om store regn mengder, mellom 150 og 300 mm, her i Texas i
løpet av dei neste to dagane.

Og så er havna her i Freeport stengt frå 1930 om kvelden og i allefall fram
til 0630 om morgonen pga været. Siste nye no er at alt er stengt, så då blir
mei nok liggande her på utsida og vente ein stund til.

Andre ting som skjer i Gulfområdet for tida er at opprenskinga av oljesølet
ved Lousianna blir hindra av dårligt vær, samt at ca 25 % av oljeindustrien
ute i havet er stengt ned midlertidigt på grunn av Alex.

Dagens "Bilde" viser Alex sin ferd inn over land.

lørdag 19. juni 2010

Oppe i Mississippi, Lousianna


Der har vi vert dei siste dagane, godt og varmt, faktisk heilt oppe i 40 grader på torsdagen.

På vår vei hit til Mississippi så såg vi ”litt” spor av det store oljesølet før vi kom så langt at vi gjekk opp i elva, men ikkje noko meire enn det vi har sett andre plasser i verden der oljesøl forekommer. Men det er nok meire olje lenger ut frå kysten. Denne elva er mektig, ifølge ein kar her oppe ein plass så transporterer den 1/3 av alt elvevannet i USA så då skal det noko til at oljen greier å komme seg heilt opp mot land her.

Ellers så er det like gale om ikkje verre her oppe når det gjelder reglane om å få komme seg på land, vi hadde ombord ein kar som måtte stå halvanna døgn ekstra fordi den eine terminalen vi låg ved ikkje tillot at nokon frå skuta fekk gå i land, og dette skjer med full oppbakking frå myndigheitene, kan ikkje rokke ved eigendomsretten og bestemmelseretten over egen eigendom – USA – Land of freedom ha ha ha…
Vi får legge dei samme begrensingane på Amerikanske sjøfolk og turister som dei gjer mot oss her så får vi sjå hvor lenge dette varer.

Ein annan ”artig” ting eg oppdaga med Lousianna er at her er det monopol på likkister, kun eit einaste firma som kan selge ”godkjente kister” her, og då skjønner alle at dei ikkje er særligt billige…

Dagens bilde er av ein av dei gamle hjulbåtane som det var masse av ein gang i tida, no ligger det stort sett kun to igjen langs kaia når vi passerer New Orleans.

lørdag 12. juni 2010

US-Gulf

Strålande vær her for tida, sol og sommer, rundt 34 - 35 grader kvar dag.

For øyeblikket befinner vi oss i Houston, men skal i løpet av laurdagen forlate Houston og sette kursen for Missesippi, skal langt opp i elva, opp til Baton Rouge, Geismar og Plaqumine. Det blir nokre timer med standby det, er well 18 timer opp til Baton Rouge.

Etter Missesippi området går turen hitover igjen, Port Arthur, Houston og Freeport før kursen settast mot Sør Afrika. Muligens med ein svipp innom Salvador/Aratu i Brazil.

Ellers ikkje så mykje nytt herifrå, mykje nattarbeid med skifting etc, men det jamner seg ut med tida.

Ønsker alle ein fortsatt fin og solrik sommer :-)

lørdag 5. juni 2010

Coatzacoalcos, Mexico

er der eg oppholder meg no...

Og då skjønner dei fleste at eg er på vei til eller på jobb igjen...

Ingen bilder denne gangen, mine kameraer vart gitt vekk etc så nå må eg til å kjøpe meg eit nytt... Heldig slik :-)

Reisa hit gjekk rimeligt bra, litt rot på flyplassen i Mexico City, men slikt tar øss sjøfolka på strak arm ;-)

Flott vær her i byen, litt i varmaste laget but but...

Skuta kjem inn til kvelden/natta og då blir det dårligt med internett, Odfjell prioriterer desverre ikkje sånne ting som vi kan bruke til å holde kontakten med omverdenen...

Reiseruter etc kjem nok etterkvart, vi har våre metoder.

Fortsatt god sommer til alle sammen.