fredag 23. desember 2011

Julehelsing frå Søvika

Då var atter ein jul komt over oss. Noen feirer heime med sine kjære og andre feirer dagen på jobb langt vekke ifrå. Men slik er livet og dei som feirer dagen andre plasser har stort sett valgt dette sjølv.

I år er eg så heldig at eg får feire jula heime sammen med mine kjære så eg skal ikkje klage :-)

Men om det er julestemning veit eg ikkje, meire som ein hauststorm ute, 8 grader pluss og regn...

Vil ønske alle mine bloggevenner, chattevenner og andre venner og familie ein riktig fin og fredfull jul og eit strålande nyttår når den tida kjem.

Ta godt vare på kvarandre no, det er det viktigaste av alt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar