torsdag 12. april 2012

The Margarets på Søvik skule

I dag kom det heim frå skulen ei litt stolt og glad jente.

Og årsaken til det var at 3 av medlemmane i gruppa The Margarets frå Giske hadde vøre på besøk på skulen og framført nokre av sine låter.

Og ikkje nok med det, hun hadde eit ark i handa der det fint sto: Til Sofie og så autografen til dei som hadde opptrådd.

Så vi måtte fyre i gang noko musikk og vi fant fort eit par av dei låtane dei hadde spillt på skulen.

Eit fint tiltak for barna så takk til dei som står bak dette og takk til gruppa som reiser rundt og sprer sånn glede.

Eg har høyrt eit rykte om at dei skal opptre ein annan plass her i området i morra, fredag. Dåkke har noko å glede dåkke til.

Ein liten omtale av gruppa finn du her på Wikipedia.

Og grunnen til at dette er omtala på ein slektsblogg? Well, med dei etternavna på nokre av desse karane så er eg temmeligt sikker på at det er noko fjern slektskap i sikte :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar