fredag 28. september 2012

Tur på Østen

Jaha, siden sist har vi vøre i Taichung på Taiwan. I Singapore, i Dumai og
Batam i Indonesia og til slutt Port Klang i Malaysia.

Etter Port Klang gjekk mei nordvestover til vi var ute av Malakka stredet og
så sette vi kursen sørvestover ned i gjennom det Indiske hav der vi til
slutt vil treffe Durban i Sør Afrika om ein knappe 14 dager. Og derifrå
setter nokre av oss etterkvart kursen for Norge og ein velfortjent ferie.

Vi kan ikkje gå for lang vestover i havet heller fordi vi då kjem inn i det
såkalla høgrisk området for pirater, men det går nok greitt uansett.

Siste døgnet har det minska med skip rundt oss så nå er det berre oss sjøl
på mils avstand.

Var akkurat ein tur ute på dekk, godt og varmt både i sjø og luft.

Og med tanke på gårsdagens fotballresultat der Hødd knuste Brann vil dette
bli ein særs fin dag :-) Det er godt å jobbe for eit Bergensselskap når sånt
skjer ;-)

Dagens bilete er av Bow Spring som vi møtte i Dumai når vi gjekk derifrå.

Ha ein fin helg alle som leser dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg inn en kommentar