onsdag 12. desember 2012

Juleturen 2012 Bow Firda

Starta med fly frå Vigra til Gardemoen og ein natt på hotell der. Grytidligt opp neste morgon og nytt fly til Schippol, flybytte der og nytt fly til Detroit. 8 timer venting på flyplassen der før nytt fly til Barton i Maine, der vi landa rundt midnatt. Bil til hotell i Searsport der vi ankom 0200 på natta og reiste om bord i skuta kl. 0800.

I Searsport lossa vi noko cargo før vi gjekk til New York og to kaier der. På kai nr 2 kom også Bow Faith sigande rett før vi gjekk så det blir dagens bilde :-).

Akkurat no er vi i Wilmington, kom inn seint i går ettermiddag og starta lossinga. Forhalte (Skifta kai) no på morrakvisten og ligger no og losser igjen. Her i Wilmington såg vi også snurten av Bow Fortune som i likheit med Bow Faith er eit av våre søsterskip. Flotte skuter desse Kværner bygga :-)

Forventa avgang Wilmington i kveld, natt og då setter vi kursen mot New Orleans. Turen dit tar ca 3,5 døgn frå los til los.

Travle dager, ikkje meire enn ein uke sidan eg reiste heimafrå :-)

Sjølve jula, romjula og nyttåret ser det ut som om vi får i Houston området, så det blir nok ein jobbe jul, men slik er det i dette yrket.

Kjem nok snart tilbake med ein ny rapport, ha ein strålande dag alle som leser dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg inn en kommentar