fredag 1. februar 2013

Vi ser land igjen :-)

Ein lange tur går mot slutten, vi gjekk ifrå Houston 6. januar og vi kjem fram til Durban på 3. februar, omtrent akkurat 28 dager i sjøen.

Det siste vi såg av land på den nordlige halvkula var vel Martinique.

Så med god avstand har vi passert øyene Fernando Noronha, Ascension og no til slutt St. Helena der keiser Napoléon Bonaparte døde i 1821.

I går kveld kom vi inn mot kysten igjen med Cape Town og Kapp det Gode Håp inne på babordsida.

No i dag har vi passert Kapp Agulhas som sikkert alle veit er det sørligaste punktet i Afrika, det er ikkje Kapp det Gode Håp som så mange trur.

Noko lenger forut ligger Mossel Bay som er ein kjent havn for oss Odfjell seilare.

Har vøre lite trafikk å sjå inntil i går, det var ein "rigg" tidligere i uka som var på vei opp til Dos Bocas i Mexico, det er omtrent det einaste eg har sett. Lite trafikk på denne ruta.

Har vøre ein og annan fugelen i lufta, men ikkje så mange av dei heller. Såg ein diger flokk med delfiner for ein 14 dagers tid sidan, den strakte seg som eit langt belte 2-300 meter bortover havet.

Tidligt i turen så feira skipperen gebursdag og så sanneligt er det ikkje styrmannen sin tur i morra, han feirer 50. års dagen sin ute til sjøs, tenker at han hadde foretrukket å gjere det heime med familien sin... Men slik er dette livet, ikkje alltid det går som planlagt.

Sidan vi er samme karane som feirer denne gangen også så legger eg ved bildet frå feiringa vi hadde oppe i karibien.

Koz dåkke og ha ein flotte weekend.

1 kommentar:

  1. Er so artgt å höyre om disse turene dine. Du ser og opplever så mye.
    Håper du får en fortsatt fin tur videre.
    Hilsen Synnöve.

    SvarSlett