torsdag 19. desember 2013

Sogelaget Hamnsund, årsskrift 2013

Sogelaget for Hamnsund sokn har som normalt komt med sitt årlige skrift, dette er det 22 i rekken og det andre i serien som er innbundet i stive permer, noko som eg liker godt fordi det er lettere å bevare boka då.

Som vanligt er dette eit fyldigt og variert årsskrift med mange forskjellige artiklar. Største og lengste artikkelen i denne utgava er ein fortsettelse av "Dagbok frå Søvikreit". Ole Magnus Johanssen Søvik (Søvikreit) skreiv dagbok frå 1915 til 1929 og her er det utdrag av denne i tida 1922 til 1926, første bolken (1915-1921) stod i årsskriftet for 2012. Som i fjor som i år er det Per Hånes som har skrevet av dette. Vi får håpe at vi får resten neste år.

Også i år er der ein flott artikkel om Mary Flatset (Født Otterlei) i forbindelse med hennes 90 årsdag. Det var alltid trivligt å gå opp til biblioteket i Søvika der hun regjerte i mange år. Mange av oss kan takke henne for at vi vart så glade i å lese. Denne artikkelen er skrevet av Gerd Nordal Hansen.

Det er ingen spesielle emner i denne utgava, alt i alt 28 forskjellige artikkler frå mange flinke skribenter. Ein artikkel omhandler eit besøk på Blomberg fjellgard i Storfjorden. Frå denne garden kom det eit ungt par til Gamlem i 1821. Dei har mange etterkommere her i distriktet.

I ein annan artikkel er det skrivd om fiskebåten "Skugvur" som vart bygd av Søviknes Verft i 1964, dette var den første større båten som vart levert med ein såkalla "Pod" (Styrepropell). Denne var montert i ein dyse på roret og var ein sjeldan konstruksjon. Denne båten vart levert til ein redar på Færøyane.

Årets konfirmasjonsbilete kjem frå 1973, sikkert mange som kjenner seg igjen der.

Årsskriftet anbefalast på det varmaste og kan som normalt kjøpast hos Sparebanken Møre og COOP i Søvika og hos Bok & Papir i Brattvågen

Eg låner eit uttrykk frå ein større kjede: Løp og kjøp :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg inn en kommentar