onsdag 16. desember 2015

Sogelaget Hamnsund, årsskrift 2015



Sogelaget for Hamnsund sokn har som normalt komt med sitt årlige skrift, dette er det 24 i rekken og det fjerde i serien som er innbundet i stive permer.

Som vanligt er dette eit fyldigt og variert årsskrift med mange forskjellige artiklar. Største og lengste artikkelen i denne utgava er om Gamlemshaugen i krigsåra 1940 til 1945. Denne artikkelen, eller samlinga av småhistorier er ført i pennen av Per Atle Ulvestad (1943-2005) i 1985/86 og er tidligere publisert i eit hefte med svært lavt antall så nå får mange fleire lese dette. Også mange flotte bilder i forbindelse med denne artikkelen.

Øyvind O. Kjerstad har skrevet om alle dei første båtane som vart bygd på/ved Søviknes Verft i åra 1947 til 1954. Felles for alle desse var at dette var treskuter, første jernskuta vart bygd i 1955.

Ein artikkel om ein del av dei forskjellige fiskebåtane på Grytastrande finn du også i dette heftet sammen med ca 26 andre artikkler fordelt på omtrent 210 sider. Også mange fine bilder i boka frå leik og arbeid, krig og fred.

Som Bygdebladet på Skodje skreiv det:
"Frå krigsdrama og skipsulukker til salmevers og tran".

Årsskriftet anbefalast på det varmaste og kan som normalt kjøpast hos Sparebanken Møre, COOP og Spar i Søvika og hos Bok & Papir i Brattvågen.

Eg låner eit uttrykk frå ein større kjede: Løp og kjøp :-)

3 kommentarer:

  1. Hei, jeg skulle gjerne hatt en slik og gitt i julegave til min far, som har vokst opp på Bjørnøya, noen som vet om de har flere og hvor? Jeg bor i Moa området og lurer på hvordan jeg kan få tak i en før jul...

    SvarSlett
    Svar
    1. Sparebanken Møre i Søvika, COOP og Spar i Søvika og hos Bok & Papir i Brattvågen. Og dei har masse igjen :-)

      Mvh
      Ingmar

      Slett
  2. Takk for raskt svar. Da får vi oss en biltur i morra ☺

    SvarSlett