torsdag 22. desember 2016

Julehelsing frå Ingmar, Rod og Sofie i Søvika


Då var atter ein jul komt over oss. Og i år feirast den heime. Første jula som pensjonist og det gir meirsmak :-) Etter nærmere 20 juler ute til sjøs siste 41 åra kjenner eg at det var nok.

Tenker litt på mine tidligere kollegaer som feirer jula langt vekke frå sine kjære, kan ofte bli ein litt melankolsk feiring, men dette er noko som man har valgt sjølv og då går det som oftast heilt greitt.

Ikkje så mykje julestemmning akkurat, meire som haust ute, mellom 3 og 10 grader pluss, masse vind og regn innimellom.

All maten er komt i hus, her går det i sjølv salta/tørka pinnekjøtt, dampa tørrmør, grisemør, diverse seafood som reker, scallops og Thai mat samt masse grønnsaker av ymse typer.

Vil ønske alle våre bloggevenner, chattevenner og andre venner og familie ein riktig fin og fredfull jul og eit strålande nyttår når den tida kjem.

Ta godt vare på kvarandre no, det er det viktigaste av alt, det er dessverre ikkje alle som får feire jula samman med sine egne...

Merry xmas to our family and friends in Thailand and Philippines :-)

สุขสันต์วันคริสต์มาสกับครอบครัวและเพื่อนของเราในประเทศไทย

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar