fredag 25. mars 2011

Å male skipsnavna på kaia

Var vanligt i gamle dager, ikkje så mykje i dag, delvis pga restriksjoner
når det gjelder maling i havn, kan søle ein dråpe på sjøen skjønner du :-/
Eller at mannskapet ikkje har samme stoltheita over å være om bord eller
markere sitt skip.

Men ein og annan plassen kan vi framleis sjå dette utført, dagens bilde er
frå ei kai i Aratu, Salvador, Brasil. Tydeligvis mykje Odfjell skip som
bruker å være her…

Og ein god del kjentfolk ser eg også :-)

God helg.

lørdag 19. mars 2011

Om bord i Aratu-Salvador, Brasil

Då var eg tilbake i kvardagen igjen, reisen ned til Salvador, Brasil gjekk
greitt. Etter ei natt på hotell så kom vi ombord i skuta på onsdag
føremiddag. Det føltest omtrent som om at eg ikkje hadde vøre heime i det
heile tatt, mao her er alt ved det gamle…

Turen går etterkvart videre nedover Sør-Amerika, neste havn er Santos, så
Paranagua (Der har eg ikkje vøre sidan 1976) og så forskjellige havner i
Argentina. Kjem tilbake til desse seinare.

Her er det sol og sommer, gode 30 grader ute så det er ikkje mykje som
minner om vinter.

Koz dåkke der heime.

onsdag 2. mars 2011

Bygdebok for Grytastranda, Haram kommune

Som kjent frå før vil det etterkvart komme ut bygdebøker for Haram kommune.

På kulturkvelden og årsmøtet i Hamnsund Sogelag sist uke vart det oppgitt at første band i denne serien mest sannsynligt vil komme ut til hausten.

Bygdebok prosjektet i Haram er egentligt delt i to, den delen av kommuna som kom frå gamle Borgund kommune, Grytastranda, Søvika og Gamlem vil få to? bøker, der den første omhandler Grytastranda og det er denne som kjem først. Forfatter for desse er Randi Ingunn Selnes som har gitt ut ein del slike bøker før, blant anna for Nesset i Romsdalen.
Desse gardane i dette området er også nemnt i Borgund og Giske 4.

I den "gamle" delen av kommuna som omhandler Hildrestranda, Brattvågen og Nordøyane er også arbeidet i gang, har her høyrt eit rykte om at det vil bli tre bøker for dette området. Forfatter av desse bøkene er Stein Arne Fauske.

Og som kjent har siste delen av kommuna som inneholder Vatne/Tennfjord området samt bygdene på nordsida mot Romsdalsfjorden allereie sine egne bøker, Vatne bygdebok, band 1 og 2. Sidan gamle Vatne kommune også inneholdt deler av Dryna og Midøya så er nokre av gardane her også omtalt i desse bøkene. Forfatter av desse bøkene som kom ut i 1983 var Harald Slyngstad.

Eg gleder meg til alle desse nye bøkene står i hylla her :-)

mandag 28. februar 2011

TV-Serien "Hvem tror du at du er"

har nå gått sin seiersgang over Norske tv-skjermer.

Åtte forskjellige program med åtte forskjellige skjebner.

Det var to program eg i utgangspunktet stillte store forventinger til, det om Kåre Willock og det om Kristin Krohn Devold.

Hadde eit håp om at programmet om Kåre Willock skulle komme innom hans slekt på/frå Saure i Hjørundfjorden (Eine bestefaren hans kom derifrå), men det vart ikkje nemnt så der sat mei tilbake med skjegget i postkassa.

Siste programmet i serien var om Kristin Krohn Devold, her visste eg at vi hadde felles aner frå Devold i Rauma. Men det kom også fram i programmet at hun hadde aner frå Haram på Haramsøya og på Roald på Vigra. Ein kjappe sjekk i min database samt innføring av eit par manglande ledd så var vi i slekt den veien også. Langt ute er det så sånne slektskap går mest under namnet Allmenninger :-)

Vil du sjølv starte med denne fasinerande hobbyen så er beste startpunktet her på DIS-Norge sine sider.

Her finner du kurs og informasjon for nybegynnere, informasjon om slektsprogram, eit flott Slektsforum hvor du kan spørre om hjelp, samt lokale sider frå våre lokallag, feks denne frå Haram kommune. Og ikkje å forglemme, DIS-Chatten, eit live forum/Chat der du kan få svar på dei mest utrulige ting på eit øyeblikk.

Som mei sei, på Chatten er intet umuligt, det umulige tar berre litt lengre tid.

lørdag 19. februar 2011

Bokhylla, gratis bøker på nettet



Bokhylla, meire enn 50.000 norske bøker på nettet, av desse ca 8500 bøker som kan lastast ned gratis som PDF.

Her kan du finne litt av kvart, masse bygdebøker som kanskje er av mest interesse for oss slektsforskere.

Ellers er det eit variert utvalg av bøker, også ein del lokalt for blant anna Haram kommune sitt område.

Det er vel verdt å ta turen innom, kanskje du også finn noko du liker.

Her er Bokhylla.

onsdag 2. februar 2011

Sogelaget for Hamnsund sokn


har som normalt komt med sitt årlige skrift, Årsskrift 2010, dette er det 19 i rekken og eg er så heldig at eg har alle 19 i mine hyller. Dette kom ut før jul og dei fleste har nok fått det med seg.

Som vanligt er dette eit fyldigt og variert årsskrift med mange forskjellige artiklar og tema. Største og lengste artikkelen i denne utgava er skrevet av Per Hånes og omhandler skulen i Søvika i åra 1970 til 2010. Det passer godt for i 2010 vart det opna ein ny og moderne barneskule i Søvika. (Første del av skulehistoria, 1920-1975 er omhandla i årsskriftet for 2009)

På framsida av dette årsskriftet er det bilde av MS Skandi Aker som vart valgt til ”Ship of the year” for 2010. Dette er verdens første mobile borerigg bygd på eit skipsskrog. Kanskje ikkje så mykje lokalhistorie akkurat no, men er ein så stor begivenheit at eg forstår godt at dette kom med i årets utgave.

Ellers så er det tre artikkler om det folket som vi i dag omtaler som ”reisende”. Dei har hatt mange navn igjennomtidene, og her er dei omtalt som ”Splint”, ”Tater” og ”Fantefylgje”.

Bjørn Jonson Dale har ein artikkel om den gamle storgarden Søvik og om dei som kom derifrå. ”Studenten, Tausa og Gullungen. Opphav til Mechlenburg’ar, Friis’ar og andre fine Ålesundborgarar” som han skriv sjølv. Denne artikkelen kan du også finne her på nettet.

For oss som også driv med slektsforskning er der fleire interessante artikler, blant anna ein om Georg Ingvald Skjeldrup som stamma blant anna ifrå ei grein i Sunnylven og ei grein ifrå Wærran på Ytterøy i Nord-Trøndelag.
Denne mannen som gjekk under namnet ”Skjegge Skjeldrup” er omtalt som ein orginal globetrotter og verdensborgar. Mykje er skrevet om denne mannen, blant anna skreiv Gerhard Kjølås boka ”Skjegge Skjeldrup” som vart utgitt i 1972. Denne artikkelen i årsskriftet er skrevet av mangeårig medlem av DISNorge, Asbjørn Scheldrup.

Årsskriftet anbefalast på det varmaste og kan som normalt skaffast hos Sparebanken Møre i Søvika og hos Bok & Papir i Brattvågen.

Eg låner eit uttrykk frå ein større kjede: Løp og kjøp :-)

lørdag 29. januar 2011

4 x 4 Ein utfordring

Eg har fått ein utfordring fra Laila idag, og selvfølgelig tar eg den på sparket.

Her er mine svar:

4 ting eg har gjort idag:
Sett på NM på ski på TV’en.
Eg og Sofie var på besøk med Brodern og hans Fru i Brattvåg.
Leita litt etter nyere opplysninger til slektsdatabasa mi.
Gått meg ein liten tur.

4 ting på min ønskeliste:
At det vil slutte å pipe i øyrene mine.
At desse piratane i det Indiske hav havner på havbunnen.
At familien min får eit langt og godt liv.
At Norsk Tipping ringer meg ein laurdagskveld

4 ting eg liker dårligt:
At vaskemaskina krymper klærne mine.
At eg stopper opp på forskjellige personer når eg bedriver slekting.
At dei frekke kjem seg unna det meste.
At prisen på bøker er så høg i Norge.

4 personer eg sender utfordringen videre til:
Torill A.
Britt N.
Oddvar
Liv S.

fredag 28. januar 2011

Ny TNG slektsdatabase lagt ut

Av nye ting i denne er ein del ifrå Os i Østerdalen, samt ein del oppdateringer frå andre områder.

Denne basa finn du Her.

Ser du noko feil og mangler så vennligst informer meg.

onsdag 19. januar 2011

Lange dager

Blir det når vi går slik som no.

Skulla egentligt vøre heime alt, men når vi blir forsinka ein dag i slengen
er det ikkje så greitt å få om bord avløysere til oss som skal heim.

I Houston presterte vi å bruke 1 uke (minus 40 minutter) på to kaier for å
losse gode 20.000 tonn og laste eit par tusen tonn…

Nå ligger vi i Coatzacoalcos i Mexico og laster, er straks ferdige og då går
vi opp til Houston igjen. Og då er det avmønstring og heimreise.

Ein sjømanns beste dag er den dagen han reiser heim :-)

mandag 3. januar 2011

Godt nyttår

Ønskes alle mine venner.

Vi er nå ferdige med årets jule og nyttårsfeiring, det vart ein vindfull
feiring, men både julaftan og nyttårsaften var av dei dagane med minst
dårligt vær så det gjekk bra.

Vi er nå på vei inn til Wilmington, NC, er framme der i ettermiddag. Regner
med å oppholde oss der i mellom 1 og 2 døgn. Då går turen til Houston,
Coatzacoalcos og Houston igjen der eg forhåpentligvis kan reise heim til ein
velfortjent ferie.

Ellers ikkje så mykje nytt herifrå, starta å blåse å skvette igjen no siste
timane før vi kjem under land igjen… Men det er vi vande med etter denne
turen.

Ha ein fin dag.