tirsdag 21. juli 2009

Aden gulfen, piratfritt område :-)

Då er vi atter ein gang komt oss i gjennom Gulf of Aden i fred og ro.

Som sjøfolk flest ønsker vi oss fintvær, men i dette området så kan det
gjerne blåse friskt, då held piratane seg vekke.
Denne gangen var været i første del av området altfor fint, flatt hav i alle
retninger, men det kom seg på slutten, såpass at vi følte oss rimeligt
trygge. Vind og sjø vart på vårt parti.

Då fortsetter vi mot India i normal mode, ankomst Kandla seint torsdag
kvelden. Har preparert tollister for dei, lurer på kva tollerane sei når 3.
maskinisten har oppgitt 12,5 par med sokker, eine sokken forsvant i siste
vasken :-)

Du trur eg spøker ? Ånei, i India må vi oppgi nøyaktigt antall av alt vi har
ombord, stemmer ikkje kartet med terrenget så kan vi risikere at ting blir
beslaglagt, det gjelder både penger og sokker... Det har skjedd før at dei
for på land med både TV og symaskin, reserveankeret hadde dei også lyst på,
men det vart for tungt så den saka vart fiksa med ekstra "presanger"...

Som mange sikkert veit så kan eg ikkje lese desse blogginnlegga sjølv, dei
er lagt opp via e-mail frå skipet, men eg håper at dei ser bra ut og
eventuelle kommentarer vil eg lese når eg får tilgang til internett igjen.

1 kommentar: