onsdag 27. januar 2010

Solide skuter på STX Søviknes

No i jula så hadde vi eget juletre i Søvika, beliggande nede på verftet.
Nemlig den skuta som etterkvart vart døpt Skandi Aker, 157 meter lang, 27 meter brei og med boretårnet, aka juletre, som rager heile 62 meter over vannflata. Det skal visst være det høgaste i verda når vi ikkje tar med produksjonsskip.

No for eit par dager sidan kom dei slepande frå Romania med eit nytt skrog av samme type og størrelse og desse to som ligger der nede no ruver bra i landskapet.


Tok meg ein tur i dag og tok eit par bilder slik at dere kan få sjå desse flotte skutene sjølv.

Den med boretårnet som ligger til høgre er altså Skandi Aker, den til venstre veit eg ikkje navnet på.

Ein del fleire bilder, blant anna frå innredning og maskinrom, kan dere sjå på denne linken. Denne linken befinner seg på Norsk Skipsfarts forum, ein plass det er vel verdt å besøke om du liker å følge med på det som rører seg i den maritime næringa

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar