fredag 8. januar 2010

Vinter, snø, kaldt og litt data

Og det er well det normale på denne årstida, skjønt det er sjeldant at det er så mykje snø og så kaldt her på Sunnmøre som det har vøre den siste uka.

Dagane no på nyåret har gått med til snømøking (Kjekt med freser) litt data og litt slektsarbeid.

Kjøpte meg ny maskin før jul med Windows7 på og det fungerer utmerket, så utmerket at eg lurer på å oppgradere nokre andre maskiner til det samme.

Ellers så har det no hendt at det trådløse nettverket her i huset har småkrangla litt så ikkje alle har vøre like fornøgde med det. Så då tok eg like godt å testa noko nytt, nettverk via straumen i huset. Invisterte i to stk "nettverksplugger", plugga dei inn, ein kabel inn på den trådløse ruteren og ein inn på ein bærbar pc i ein annan etasje. Det har så langt fungert utmerket sjølv om eg ikkje heilt fulgte anbefalingane frå produsenten ;-) Hastigheita er heilt ok til mitt bruk og for dei som slit med sitt trådløse nettverk så er dette eit godt alternativ. Finst mange typer på markedet, eg leita litt og fant "Best i test" og kjøpte dei. For den som lurer så er desse laga av Devolo, pris på nettet for ein 2-pakk varierer mellom 800 og 1600 kroner så her er det penger å spare for den som leiter litt :-)

God helg til alle og vær forsiktige med kulden, ikkje sovne ute ;-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar