onsdag 19. mai 2010

Opptøyer i Bangkok, raudskjortene på vei til Pattaya ?

Vakna opp tidlig i dag morges til ein uvirkelig opplevelse. 120 km herifrå såg eg på tv’en tanks, som rulla over bambus og dekksperringer, etterfulgt av fotsoldater, på vei inn for å rydde opp i bråket som har foregått i nesten to månader i Bangkok. Heilt i hælane på soldatane fulgte pressa med kamera og reportere…

Såg ut til at det meste skulle roe seg etterkvart, kom meldinger om at raudskjortene hadde gitt opp sin beleiring av området.

Rusla så ein tur ut på byen, der det vart bekrefta at demonstrantane hadde gjeve opp.

Var ein tur innom shopping senteret Royal Garden på beach roaden, brått byrja alle å pakke sammen og stenge ned forretninger og heile etasjer der. Fekk spurt meg føre og fekk beskjed om at raudskjortene var på vei hit til Pattaya. Tok for sikkerheitsskyld med meg Sofie og rusla tilbake til leiligheita vår her eg no set.

Lokal tv og den engelske utgava av Aljazerra, for øvrig ein utmerket nyheitskanal, melder no rett før 1800 at det framleis er bråk i Bangkok, 4 av raudskjorte lederane er tatt i forvaring av politiet, tidligere i dag vart det meldt at fleire av desse hadde flykta, om det er dei samme som er tatt til fange er uklart.

Det er også meldt om minst 20 branner i Bangkok, også rykter om opptøyer andre plasser i landet.

Det er også rapport at minst 5 er døde i dag, blant dei ein italiensk journalist. Og det ser eg ikkje på som noko stor overrasking når eg ser måten dei prøver å dekke dette på, kledd omtrent som soldatane dei fotfølger så er det fort gjort for nokon å ta feil.

Vi får håpe at alt roer seg ned, dette landet er altfor flott til å oppleve/gjennomgå den maktkampen som foregår no.

1 kommentar:

  1. Håper det roer seg nå og at det blir roligt i landet igjen.
    Trur dem taper mye turister og penger på dette.

    SvarSlett