tirsdag 14. september 2010

Barcelona i Spania

Er der vi befinner oss nå. Ein gammal by med masse gamle kirker, kloster etc
etc og i dag også ein stor og moderne havneby.

Vi kom no oss endelig om bord i skuta i Suez etter nesten fire dager på
hotell i Cairo, hotellet var greitt nok det, men ville heller ha oppholdt
meg heime desse dagane.

Hadde ein fin tur bortover hit, sol og sommer heile vegen. Det bles godt
eine dagen, men det var midt i mot så det vart ikkje noko bevegelse ut av
det.

Turen no etter Barcelona går opp til Rotterdam, så Hamburg og Stade i
Tyskland før vi setter kursen for Searsport i USA, vi går då nord om England
og går det berykta Pentlandstredet, der straumen kjem opp i ein 5 – 6 knop.

Forresten, veit du andre plasser i verden det er ein by som heiter Barcelona
? Jepp, i Venezuela J

Dagens bilde viser egentligt to verdener, eit cruiseskip på vei ut av havna
her i Barcelona i kveld, i forgrunnen nokre av dei tankane vi pumper last
til…

Ha ein fortsatt fin haust.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar