Viser innlegg med etiketten slekt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten slekt. Vis alle innlegg

torsdag 10. mars 2016

10.000 besøkende på mine TNG sider





Ja ha, i går skjedde det. Eg runda 10.000 besøkende på mine TNG sider som stort sett handler om slekta mi :-)

Det er no 3,5 år sidan eg la inn denne telleren på den sida så gjennomsnittligt har det vøre mellom 7 og 8 besøkande innom kvar dag. Og mange av desse har sendt meg kommentarer, oppdateringer og spørsmål om slekta, og det er no kjekt å få ein tilbakemelding på ka man har gjort :-)

Og for den som lurer på om dei finn nokre av sin egen slekt der så finner dåkke denne TNG sida her.

Det blir nok lenge til neste runde jubileum :-)

torsdag 21. august 2014

Sunnmøre historielag, digitaliserte årbøker


Kanskje ikkje ein fersk nyheit for somme av oss, men for andre så er dette kanskje greitt å få kjennskap til :-)

Eg klipper direkte frå heimesida deira:

Sunnmøre historielag er glad for å no kunne publisere Årbok for Sunnmøre / Tidssskrift for Sunnmøre historielag 1910-2010 digitalt og søkbart. Den digitale utgåva er eit samarbeid med Senter for digitalisiering av kulturarven (SEDAK).

8288 sider Sunnmørssoge er no tilgjengeleg for alle, ei verkelg storhending! Sunnmøre historielag er det første historielaget i Norge som gjer alle sine tidsskrift søkbart tilgjengelege på nettet.


Sunnmøre historielag sine sider finn du her og ein direktelink til dei digitaliserte årbøkene finn du her

Mykje godt stoff i desse bøkene, anbefaler alle som er intresserte i slekt og historie om å sjå innom.

tirsdag 20. november 2012

1000 besøk på min slektsdatabase

Sidan eg la inn ein besøksteller på min TNG slektsdatabase 30. juli i år har det vøre 1000 besøkende innom :-) Det gir eit snitt på ca 9 stykker pr. dag.

Ein del av desse har lagt igjen meldinger ved hjelp av gjesteboka, men fleirtallet har tatt kontakt med spørsmål og utfyllande kommentarer ved hjelp av mail.

Besøkande nr. 1000 la igjen følgande spor: Ip adressa held eg hemmelig, men vedkommande bruker Win7, ein eldre Firefox versjon (3,6) og har skjermoppløysning på 1920x1080. Det vart søkt etter Laurits Martinussen Otterlei som ligger i den basa.

Du også er hjertligt velkommen innom, kanskje du finn slekta di du også :-)

Du kjem til denne sida ved å trykke på denne Linken

torsdag 23. august 2012

Oppdatert slektsdatabase

Eg har den siste tida oppdatert min slektsdatabase som ligger på nettet. Etter ein del mindre problemer tok eg og laga ein fullstendig ny side, har også denne gangen brukt programvare frå TNG.

Og alle data som du finner her er lagt inn ved hjelp av slektsprogrammet Legacy. Eit topp program som anbefalast til alle som vil starte med denne flotte hobbyen.

Eg er rimeligt fornøgd med sida, det meste stemmer og sida ser bra ut - Meiner eg :-)

Den inneholder for øyeblikket noko i overkant av 27.000 personer og nesten 10.000 familier. Og bur du her på Sunnmøre er det ikkje usannsynligt at du finn dine egne forfedre på desse sider.

Har også fått installert teller og gjestebok på sida, det hadde vøre kjekt om DU la igjen ein helsing til meg :-)

Ser du feil og mangler her så send meg gjerne ein oppdatering så tar eg og legger inn ved anledning.
Ser du di eiga slekt her så ikkje vær redd for å be om ein rapport, eg er raus på sånne :-)

Eg er straks på vei på jobb igjen og med lite tilgang på internett så kan du ikkje forvente svar på øyeblikket, men det kjem nok etterkvart.

Denne databasa finner du HER

søndag 1. april 2012

God påske alle mine venner



Det vart heimepåske i år. Og det er no kjekt.

Været har foreløpig ikkje vøre noko særligt, men det går jo fint an å sete inne å pjaske litt med slekta :-)

Så eg benytter anledningen til å ønske fjerne og nære venner og slekt ein riktig god påske.

onsdag 18. januar 2012

Lokallagsmøte i DIS-Haram og Slektsforumet, ein god kombinasjon.

På gårsdagens møte i DIS-Haram tok vi for oss bruk av etterlysninger i Slektsforumet.

Fleire av dei som var tilstades hadde spørsmål om personer som dei ikkje hadde funnet ut skjebna til og det vart laga til etterlysninger som vart posta på slektsforumet.

Den første etterlysninga var litt lokal og den fant sin løysning i løpet av eit par timer, du kan sjå denne etterlysninga og svara her

Den andre etterlysninga gjaldt ein kar som gjekk i land frå eit skip i USA og sidan "forsvant". Også her kom løysninga i løpet av eit par timer, du kan sjå denne her

Så var det ein kar som vart så inspirert av dette at han for rett heim og la ut ein etterlysning etter folk i USA han og. Dette vart full klaff og du kan sjå resultatet her. Han hadde litt fleire opplysninger i utgangspunktet og det vil alltid hjelpe dei som vil hjelpe til med å finne ytterligere opplysninger.

Så er du på jakt etter forsvunne slektninger så er det Slektsforumet som gjelder. Trenger du hjelp til å komme i gang så er det nytt møte i DIS-Haram 21.02.2012, sjå vår Facebook side for nærmere opplysninger når det nærmer seg den datoen.

Og om DIS-Haram kan du lese meire om du trykker på denne Linken

mandag 28. november 2011

Bygdebok, band 2, for Sandøya i salg


Så var den her denne også etter mykje forviklinger, forsinkelser etc etc.

Det har blitt ei flotte bok med mange fine bilder og illustrasjoner som omhandler dei tre gardane Røssholmen, Ona og Husøy.

Boka innheld tre fyldige kapittel med gards, familie og slektshistorie for dei nevnte tre garder. Den inneholder også grendehistorie for Ona og Husøy.

Det finnst også ein kjeldeliste samt ein alfabetisk liste over alle personer bosatt på desse tre gårdane som er omtala. Denne siste lista inneheld litt over 2400 personer. Dei fleste av desse er kun lista opp med årstall, ikkje datoer slik som vi slektsforskere liker :-)

Forfatter av boka er Randi Kristin Strand, hun har hatt god hjelp av slektsgransker Anne Huse og illustratør Åse Sæterøy.

Boka er på over 800 sider, eg fekk mitt eksemplar frå Sandøy Kommune, den kosta Kr. 800,- pluss frakt. Kun 1000 eksemplar så vil du ha må du være kjapp på labben :-)

Heile dette verket er planlagt å bli på 4 band, band 1 er no under arbeid og vil antagelig bli utgitt seinare. Om band 3 og 4 nokon gang vil bli utgitt veit vi ikkje, men det får vi håpe på :-)

lørdag 17. september 2011

Legacy, dataprogram for slektsforskning.



No når vi er på vei inn i mørkere tider er det på tide å ta fram hobbyane sine igjen, eg for min del holder på med dette heile året i ledige og ifølge min Frue ikkje ledige stunder :-)

Og for å få fullt utbytte av denne fine hobbyen så trenger vi eit hjelpemiddel, nemligt eit slektsprogram.

For å samle og systimatisere opplysningane holder det ikkje lenger med skoesker, det blir i allefall vanskeligt å lage rapporter etc for egen slekt direkte derifrå. Så her anbefalast det å ta i bruk eit slektsprogram, eg sjølv har prøvd/brukt ein del forskjellige gjennom åra men har no siste 7-8 år brukt samme programmet og det skal svært mykje til for at eg skal skifte igjen.

Programmet som eg bruker i dag heiter Legacy, er egentligt amerikansk, men er fullstendigt oversatt til Norsk, både bokmål og nynorsk finnst.(Og vil du ha ut ein rapport på engelsk for å sende til ein amerikansk slektning så skifter du berre språk ved hjelp av eit par tastetrykk og så kjem rapporten ut på engelsk)

Standard utgaven av Legacy er gratis, Dø Lux utgaven koster 29 US$ og det er den vel verdt. Å skifte frå standard til Dø Lux'en gjerast ved å skrive inn ein kode i programmet og alle muligheiter blir opna, dette tar ca 15 sekunder å gjere om du bestemmer deg for dette.
Dei norske sidene samt nedlasting av Legacy finn du her.

onsdag 25. mai 2011

Oppdatert TNG slektsdatabase lagt ut


Ikkje så veldigt mykje nytt i denne oppdateringen, ein del nye personer her i nærområdet, samt noko oppdateringer frå andre områder.

Denne basa finn du Her.

Oppdateringa av basa denne gangen gjekk tregt så ser du noko feil og mangler så vennligst informer meg. Er ikkje 100% sikker på at alt gjekk som det skulle.

torsdag 4. november 2010

Ny slektsdatabase på nettet



Eg har tatt i bruk eit program som heiter TNG (The Next Generation) for å kunne presentere mine slektsdata på nettet.

Har tidligere brukt mitt slektsprogram (Legacy) sine muligheiter for å legge data ut på nettet, det fungerte forsåvidt greitt, men det var mange små filer involvert og det vart mykje arbeid, og tidkrevende å laste opp desse sidene til nettet.

Det er her TNG kjem inn, her ligg alt oppe på nettet (På mitt eget domene) og det einaste eg gjer er å laste opp ein ny gedcom fil når eg har oppdatert slektsdatabasa. Alle innstillinger etc ligger der fast, litt arbeid med å sette opp programmet første gangen, men det er meir eller mindre ein eingangsjobb.

Dagens base er på noko over 23000 personer, eg har valgt å ikkje ta med kilder og notater samt at datoer etc på levande personer skal være utelatt. Kjem nokon over noko slikt så vennligst ta kontakt.

Er det nokon som ønsker Brukerkonto så er det berre å fylle ut skjemaet som ligger på sidene.

Og er det nokon som ønsker ytterligere data så går det greitt det også så lenge dei sjølv er med i basa eller familien.

Du finner TNG basa HER og den gamle Legacy basa ligger HER

torsdag 4. februar 2010

Gards og ættesoga for Sandøy kommune, kapittel 3

Ifølge dagens Sunnmørspost er det no eit håp om at dette arbeidet kan halde fram.
Saka skal i allefall opp til ny behandling i kommunestyret med det første.

Til no er det brukt ca 4 millionar kroner på dette arbeidet, og sogenemda meiner at det trengst omtrent 500.000 kroner til for å få trykt to band i eit opplag av 500 kvar.

Eg skal i allefall ha 1 stk eksemplar av kvar om eller når desse kjem.

Her og her kan dere lese mine tidligere innlegg om denne sak.

Vi får håpe at dei tar til vetet der ute slik at desse bøkene kjem ut.

onsdag 20. januar 2010

Det hende i Taremareby



Som mange sikkert husker var det i fjor haust ein underskriftaksjon for å få trykt opp denne boka igjen.

Forlaget som sat på rettigheitane hadde ikkje noko tru på dette så dei solgte rettigheitane til eit lokalt forlag som fekk trykt opp 2000 nye eksemplar. Og etter det eg har høyrt så gjekk salger utmerket, meire enn 1500 bøker vart solgt før jul.

Forfatteren av denne boken var Ingebrigt Davik som eg faktist er i slekt med, langt ute, men dog :-)

Boka er ein ypperlig gave til barn i alle aldre, spesielt til dei som vaks opp med desse fortellingane og sangane i barnetimen for dei minste på NRK radio for ein liten mannsalder sidan.

På denne linken kjem dåkke til Taremaryby bloggen der boka er nærmere beskrevet, den kan også bestillast frå samme stedet.

Kos dåkke med desse fortellingane.

tirsdag 12. januar 2010

Gamle bilder på nettet



Fylkesfoto arkivet har masser av gamle bilder liggande på internett, berre frå Sponland arkivet er det ca 46000 person bilder frå tiden rundt 1910 - 1920. Totalt innholder arkivet etter ein grov kalkulasjon ca 290.000 bilder.

Den lokale DIS gjengen har vøre svært sentralt med på å registrere desse bilda, dei holder på med 9. - året no. Eit imponerande arbeid av denne gjengen, all honør til dei.

Eg sjølv har funnet mange gamle bilder av min egen familie der inne og eg trur at dei fleste som tar seg ein tur dit vil finne noko.

Her finner dere arkivet.

mandag 14. desember 2009

Gards og ættesoga for Sandøy kommune

Ja ja, så kom den triste meldinga då om att dette arbeidet er førebels avslutta/lagt til sides pga kommunens økonomiske stilling.

Arbeidet har pågått i 9 år og første band var planlagt utgitt neste haust (Hausten 2010)

Vi får håpe at dei ansvarlige i kommunen får satt i gang dette arbeidet igjen snarast før dei må starte på nytt igjen, då har dei iallefall søla vekk nok penger.

Eg skreiv eit blogginnlegg om denne gards og ættesoga før i år, der skreiv eg blant anna følgende: Dette arbeidet vart påbyrja i 2000 så det har tatt sin tid, men det er no lys i tunellen så.... (Håper at det ikkje er eit møtande tog :-) )

Og så var det toget som kom :-(

fredag 2. oktober 2009

DIS Chatten, meir enn berre slekt :-)



Eg nevnte i mitt siste innlegg Dischatten som ein plass der du kan få hjelp med slekt og det som høyrer til.

Har du problemer med tyding av ein kirkebokside så er dette rette plassen å prøve seg, nesten alltid nokon som er tilstades og vil hjelpe.

Er du på jakt etter andre opplysninger, hjelp til å leite etter slekt etc etc så får du hjelp til det også.

Står du fast med hensyn til kva du skal servere til middag så kan du også få gode råd om det også om du kjem innom, eller kva skal du gje til tante i 70 års presang ? Jauda, nokon kan svare på det også, her blir det ofte anbefalt å gje ein slektstavle - ferdigt utfylt med 10 generasjoner er no draumen då, men ikkje så lett å finne så mykje.

Alderssammensettinga på chatten er frå 15 år og oppover til langt etter oppnådd pensjonsalder så det er masse erfaring som kan finnast der.

(Edit: Synnøve har gjort meg oppmerksom på at vi har/har hatt deltagere ned til 11 år og det er heilt riktigt, faktisk min slekt i Sverige, beklager så mykje til mine Svenske venner og slekt)

Deltakerane på chatten kjem frå heile landet så geografiske spørsmål blir også besvart.

Ikkje for ingenting at vi av og til betegner chatten som Slekt og Svada, eller Matprat.

Som ein gammal maskinist så vil eg låne ut følgende uttrykk: For oss på chatten er intet umuligt, det umulige tar berre litt lenger tid.

Kom innom og prøv sjølv, du er hjertligt velkommen.

Sidan det er lenge sidan eg har lagt ut noko bilde her så frisker eg opp dette blogginnlegget med eit bilde av ein nydelig rett som min Frue bruker å lage til meg, mykje reker, blekksprut, litt kjøtt, litt av diverse grønnsaker og chilli, det hender at denne blir litt sterk, men den smaker nydeligt.

onsdag 23. september 2009

Slektsforskning, hvor finne opplysninger ?

Bygdebøker er alltid ein fin plass å starte, men husk det at dei ikkje alltid er korrekte så opplysningane du finn der må sjekkast opp mot kyrkjebøkene. Og i Norge er vi svineheldige, nesten alle kyrkjebøker er skanna og lagt ut på nettet, desse finn du HER. Og HER ser du eksempel på ein slik kyrkjebokside, dette er klokkerboka 1899-1944 frå Haram. Kanskje det er nokon som drar kjensel på gutt nr 36 :-)

Mormonerene har også i mange år drevet på med å legge ut slektsopplysninger på nettet, HER finn du den vanlige søkesida deira og HER finn du ein ny som dei har laga som mange meiner er enklere å bruke.
Og HER finn du ein oppskrift på hvordan du kan bruke Familysearch (FS) – Mormonernes base på nettet, denne er skrevet av Liv Ofsdal.

Digitalarkivet (DA) i Bergen finner du også masse stoff (Samme plass som kyrkjebøkene ligger) Alle folketellinger 1801, 1865, 1875 og 1900. Du finn også over 5000 forskjellige andre databaser der.
Og for oss som bor i her i området så ligger det også på DA databaser for gamle Borgund kommune, mykje godt stoff å finne der.

På Registreringssentral for historiske data (RHD) som ligger i Tromsø har dei også ein del databaser liggande, denne finn du HER

Og sist, men ikkje minst, Genealogiske ressurser (GenRes) som er landets største samling av linker, denne er drifta av DIS-Norge, for å komme til startsiden trykk HER. Og vil du sjå kva som ligger under Haram så sjå HER.

Egentligt så holder det lenge om du kun bruker GenRes, her finn du alt du har bruk for :-)

Skulle du mot formodning ikkje finne det du er ute etter så kan du no legge ut ein etterlysning på Slektsforum for å sjå om andre kan hjelpe deg, kanskje det er nokon som har akkurat dei opplysningane du er på jakt etter. På Slektsforum er det for tida ca 10500 registrerte brukere.

Ein annan plass du kan finne opplysninger er i DIS-Norge sine Gravminner, der er det for øyeblikket registrert 1942030 gravminner og av desse er det 782515 med bilde.

DIS-Norge driver også noko som dei kaller Distreff, her kan medlemmane sende inn sine egne data og då få svar tilbake om det er andre som har det samme, eller som forsker på dei samme slektane, for å få fullt utbytte av Distreff må ein være medlem av DIS-Norge.

Står du framleis fast så får du ta deg ein tur til Dischat, ein chattekanal som drivast av DIS-Norge. Der er som oftast folk som kan hjelpe til og svare på det meste innenfor slekt, slektsprogrammer, matlaging etc etc nesten heile døgnet.
Veldigt sosialt og triveligt å være der.

Og trenger du ein program for å samle dine data i så anbefaler eg å ta i bruk Legacy, dette finn du HER. Du kan lese meire om dette programmet i dette blogginnlegget.

Lykke til med ein fin hobby.

fredag 18. september 2009

Oppdatert slektstre på heimesida mi

Då er det lagt ut ein ny oppdatering av mine slektsopplysninger.

Denne gangen med ein del nye opplysninger spesielt frå Grytten området i Romsdalen og Hornindal i Sogn og Fjordane der det viser seg at eg snart er i slekt med heile bygda :-)

Desse nye (og gamle) opplysningane kan du finne her

Har du tillegg, rettinger eller andre opplysninger som du vil dele med meg er du velkommen til å gjere det.

søndag 28. juni 2009

Slekta på nett, finn du deg sjølv ?

Alle som er i slekt med meg og lurer på om dei finnst på mine slektssider kan sjekke her

Og finn du ikkje deg sjølv der, eller det er ufullstendige opplysninger så sender du meg ein mail, brev, melding eller berre ein beskjed om det som ikkje er korrekt så retter eg det opp.

Er det nokon som ønsker små ane eller etterkommerrapporter så er det berre å gje beskjed så skal eg prøve å få det gjort.

Ønsker alle og især slekta ein fortsatt fin sommer.

mandag 22. juni 2009

Ny bygdebok i hus, prioritering mellom maling eller regging


Her på laurdagen så kom der ein pakke i posten, den inneholdt siste nyanskaffelsen av forskningsmateriell. Egentlig ein bok eg har vøre på jakt etter lenge, men ikkje fått fatt i.

Så her førge vike tok eg ein telefon til bokhandelen i Hornindal, dei kjente knapt nok noko til boka, men etter ein liten diskusjon så meinte vedkommande at eg skulle ta og ringe til Sparebanken Sogn og Fjordane, avdeling Hornindal. Som sagt så gjort, og der hadde dei også boka, nyutgava frå 1989, til kun kr. 160,- og det er nesten gratis i våre dager.

Så nå er det ein prioritering på gang, male hus eller regge folk ifrå boka. I dag så vart det litt av kvart, starta ute, men enda inne pga utrygt for regn. No 5 timer seinare har ikkje regnet komt, men eg har fått sjekka mykje i min nyerverva bok.

tirsdag 16. juni 2009

Slektsforum har jubileum, 10000 medlemmer passert



Då har Slektsforum nådd 10000 registrerte brukere.

Og lurer du på kva Slektsforum er for noko så er det ein plass der du kan etterlyse slektninger frå "gamle" dager.

Mangler du opplysninger om beste eller oldeforeldre er dette plassen for å legge inn ein etterlysning for å finne dei.

Masse gode hjelpere som er inne på det forumet og som står klar til å hjelpe med leitinga.

Ta deg ein tur innom då, HER ER DET