torsdag 21. mars 2013

Ildebranden i Skolehuset på Kvalsten.



På denne datoen, onsdag 21. mars 1877 omkom 16 skulebarn ved ein brann i "omgangsskulen" på Kvalstein på Ellingsøya, fleire andre barn vart stygt skada. Dei omkomne barna som var i alderen 7 til 12 år vart begravd 31. mars 1877 i ein fellesgrav på kyrkjegarden ved Borgund Kyrkje i Ålesund.

Det var blant anna to søskenflokker på tre barn som omkom og to med to barn som gjekk med så det vart store tap for enkelte familier. I tillegg så var nesten alle desse barna i innbyrdes slekt.

Ganske mange av desse barna er registrert som slekt i min database.

Eg siterer litt frå Borgund og Giske 4:

Det var omgangsskole i krinsen, og samla skole, slik at alle borna i krinsen møtte samtidigt. Sørengaren på Kvalstein var ein av dei få bygningane i grannelaget som kunne hyse så mange born på ein gang. Her var det ein såkalla sal i andre høgda i huset. Huset var bygd i gammal stil med ein inngang ved eine nova til kjøkkenet, og derifrå til stova. I stova var dør til eit kammers i andre enden av huset, og langs stova var ein gang eller eit vedskot, som no var fylt med opphogd eineved. Herifrå gikk ei tropp opp på loftsgangen og inn ei dør til salen.

Ulykkesdagen var det samla 32 born i denne salen. Dei stod og song slutningssalmen i 4-tida om ettermiddagen, då dei vart var røyk i salsglaset. Læraren slo opp døra til salsgangen, men eld og røyk dreiv han attende. Han treiv vassbytta og kasta ned gjennom loftstrappa, utan nytte. Glaset var einaste utvegen. Men huset var høgt og ungane kvidde segpå å oppe ut. Læraren hoppa, men skada seg, og kunne lite gjere. Tau var der ikkje, og brannstigen låg bortlagd på løa. Mannfolk var ikkje på garden, dei var på fiske, og kvinnene som kom til for å redde, var hjelpelause.

Berre 16 av dei 32 elevane som var samla kom frå det med livet, dei andre døde.

Det var truleg ei trebytte med oske som var opphavet til brannen. Bøtta vart sett under loftstrappa, og i bøtta var det glør.
Sitat slutt.

Dagens bilde viser Ellingsøy kyrkje, den ligger ikkje så langt derifrå dette skjedde.


1 kommentar:

  1. Dette viste eg ikkje faktiskt.
    En tragiskt historie.
    Tenker på skrekken og panikken de stakkers barna måtte ha fölt når dem ikkje kom seg ut!

    Men vi kan läre noe av dette og.
    Og det er å ALDRIG oppbevare glör i ei trebötte eller plastikkbötte og ALDRIG innendörs!

    SvarSlett