onsdag 17. april 2013

Allereie 3 uker om bord i Bow Firda


Ja, faktisk er det no 3 uker sidan eg reiste om bord igjen til denne flotte skuta.

Eg reiste ned til Dubai og gjekk om bord i Jebel Ali som ligg i dei forente Arabiske Emirater (UAE).

Etter Jebel Ali gjekk vi til Bahrain der vi hadde eit kjapt verkstedsopphold på ASRY for å reparere ein bulk i baugen som vi fekk i eit møte med ein mørklagt og drivande lekter i Missesippi i fjor før jul.

Etter Jebel Ali var vi oppe i Al Jubail som ligger i Saudi Arabia. Der fyllte vi opp skuta med last og så sette vi kursen mot Suez kanalen i Egypt. På vegen mot Egypt hadde vi eit kjapt stopp i Fujairah for å bunkre, samt ta om bord 4 vakter som skulle følge oss gjennom piratområda i Aden gulfen og videre heilt opp til Egypt der dei skal i land igjen. Eg må sei at å ha om bord 4 bevæpna vakter gav oss ein heilt anna tryggheitsfølelse enn når vi gjekk i desse områda utan desse folka om bord.

No etter at vi passerer Suezkanalen, noko som antagelig vil skje på laurdag skal vi stoppe opp i Algeciras (Spania ved siden av Gibraltar) for å bunkre igjen, samt ta om bord storres og proviant som er sendt ned frå Rotterdam. Etter Algeciras setter vi kursen mot Wilmington, South Carolina, Coatzacoalcos i Mexico og så endeligt opp til Houston der vi er i andre halvpart av mai. Regner med å reise heim derifrå.

Life is good :-)

Dagens bilde er tatt inn mot ASRY om kvelden før vi gjekk inn til kai, ikkje all verdens kvalitet, men... :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar