mandag 24. mai 2010

Alt har ein ende…

Så også denne ferien her i LOS, snart på tide å pakke å komme seg heim igjen, kun for å reise omtrent direkte ombord igjen på jobb…

Har vert roligt her i Thailand siste dagane, portforbudet i Bangkok og 23 andre plasser varte siste natt kun frå 23:00 til 04:00 så det roer seg ned. Her i badebyen vart portforbudet oppheva på laurdagen, turistnæringa protesterte og dei fekk viljen sin, alt opna opp og livet gjekk som før.

Det er no greitt å gå her nede å sløve, men alltids godt å komme heimatte også, sjølv om det denne gangen blir litt vedmodigt. Sjefen og NK skal nemlig være her nede til eg kjem igjen frå neste jobbtur så når eg kjem heim er det til eit tomt hus, og det har ikkje skjedd på temmeligt mange år. Lat første del av sommeren gå som eit skudd.

Mei snakkast :-)

fredag 21. mai 2010

Portforbud = Rolige kvelder

Stille og roligt i badebyen, siste natt var portforbudet mellom 21:00 og 05:00, såg omtrent ikkje ein person eller bil ute i den tida. Ifølge tidligere nyheiter så vil portforbudet vare fram til søndag.

Var ein tur å rusla i byen i går, lite folk ute, litt mindre av fortaussjappene også, tydeligvis enkelte som har pakka vekk businissen desse dagane. Ellers var det ikkje noko spesielt å sjå, folket som var ute virka noko roligere enn dei gjorde på onsdagen då det vart rapportert at Raudskjortene var på vei hit.

Vi får håpe at det blir roligt no, men eg har mine tvil…

onsdag 19. mai 2010

Opptøyer i Bangkok, raudskjortene på vei til Pattaya ?

Vakna opp tidlig i dag morges til ein uvirkelig opplevelse. 120 km herifrå såg eg på tv’en tanks, som rulla over bambus og dekksperringer, etterfulgt av fotsoldater, på vei inn for å rydde opp i bråket som har foregått i nesten to månader i Bangkok. Heilt i hælane på soldatane fulgte pressa med kamera og reportere…

Såg ut til at det meste skulle roe seg etterkvart, kom meldinger om at raudskjortene hadde gitt opp sin beleiring av området.

Rusla så ein tur ut på byen, der det vart bekrefta at demonstrantane hadde gjeve opp.

Var ein tur innom shopping senteret Royal Garden på beach roaden, brått byrja alle å pakke sammen og stenge ned forretninger og heile etasjer der. Fekk spurt meg føre og fekk beskjed om at raudskjortene var på vei hit til Pattaya. Tok for sikkerheitsskyld med meg Sofie og rusla tilbake til leiligheita vår her eg no set.

Lokal tv og den engelske utgava av Aljazerra, for øvrig ein utmerket nyheitskanal, melder no rett før 1800 at det framleis er bråk i Bangkok, 4 av raudskjorte lederane er tatt i forvaring av politiet, tidligere i dag vart det meldt at fleire av desse hadde flykta, om det er dei samme som er tatt til fange er uklart.

Det er også meldt om minst 20 branner i Bangkok, også rykter om opptøyer andre plasser i landet.

Det er også rapport at minst 5 er døde i dag, blant dei ein italiensk journalist. Og det ser eg ikkje på som noko stor overrasking når eg ser måten dei prøver å dekke dette på, kledd omtrent som soldatane dei fotfølger så er det fort gjort for nokon å ta feil.

Vi får håpe at alt roer seg ned, dette landet er altfor flott til å oppleve/gjennomgå den maktkampen som foregår no.

tirsdag 18. mai 2010

Årets tur til Nong Puh

Alltid når vi er på ferie her nede så legger vi inn ein tur til Nong Puh for å besøke svigermor, venner og naboer der oppe i nordaust.
Og det samme i år, leigde bil med sjåfør og sette i gang, ein lange tur, det tar mellom 9 og 10 timer kvar vei.
Og som vanligt var det kjekt når vi kom fram, masse folk vakne kl 0300 på natta for å ta imot oss... Blir vanskeligt med søvn i slike tilfeller.


Denne gangen vart vi stoppa og sjekka (Kun sjåføren vart sjekka) av politiet 3-4 ganger kvar vei, mot normalt kun ein gang. Det har nok noko med bråket i Bangkok å gjere. Ellers såg eller høyrte vi omtrent ingenting om det som skjer i Bangkok for tida.

Og som normalt der oppe fekk vi masse besøk som ville sjå Sofie spesielt, men også titte litt ekstra på Farangen ;-) Så eg føler meg av og til litt på utstilling når vi er der...

Vi er nå komt ned igjen til badebyen, borte bra, men heime best :-)

Dagens bilde er av Sofie sammen med venner og slekt som set på gulvet på uteplassen og speler domino.

Har ein masse historier frå Nong Puh, både denne gang og andre ganger, skal prøve å få nokre av dei ned på dataen og lagt ut på bloggen her etterkvart.

Forresten, no på 15 mai var det akkurat 10 år siden eg var i Nong Puh første gangen, vart ein liten feiring av det også ;-)

søndag 9. mai 2010

Slektsforskning på ferie

Synnøve spurte for nokre dager sidan i ein kommentar til eit blogginnlegg om hvordan det gjekk med slektsforskninga. Må nok sei at når eg er her i LOS så blir det ikkje altfor mykje fokus på det feltet. Egentlig andre ting som har større fokus då :-)

Men, eg holder på litt, retter opp og legger inn mindre forandringer, bilder etc etc...

Denne reise pc'en min med 10" skjerm er well ikkje akkurat optimert for multitasking og større oppgaver :-)

Og i dag er det konfirmasjonsdag der heime, kanskje gå i gjennom konfirmantlista og så legge inn dei opplysningan på dei det gjelder.

Då har eg gjort noko fornuftigt i dag også :-)

Såg faktisk no at dette vart mitt blogginnlegg nr. 100 :-)

torsdag 6. mai 2010

Frukt og mat i Thailand

Det er høgsesong for frukt no i Thailand, markeda bugner over med all verdens deilige sorter, samt nokre som egentligt burde være forbudte. Blant dei som eg meiner burde være forbudt er Dorian, smaker ille og lukter verre. At så mange regner denne som ein delikatesse er for meg ufatteligt :-)


Dette er to av mine favoritter, smaker nydeligt, spesielt den til venstre som ikkje alltid er så lett tilgjengelig, kun i sesongen.

Her vi bor no er det ca 2 minutter å gå frå leiligheita og bort til Thaimarkedet, der er det meste til salgs for ein rimelig peng. Mat av alle sorter, mykje klær etc - Men desse har ofte ein "dårlig" kvalitet så det er ikkje alltid så lønnsomt å handle sånt der.

Ellers er det gatekjøkken overalt, enten fast monterte eller på små vogner som ofte er kobla på ein liten motorsykkel for å være mobile. Det er lett å sjå hvilke som har den beste maten, der er køa av Thaier størst :-)

Kanskje snart på tide å stikke ut for å finne seg noko snacks :-) Tastast

mandag 3. mai 2010

Pattay, sol og sommer

Då var vi endelig tilbake i paradis, skulle kanskje tru at vi var eit par etasjer lavere, for her er godt å varmt ;-)

Det vart ein rimeligt travel weekend, reiste ifrå Santos i Brazil på fredagskvelden, kom til Norge på laurdagskvelden og reiste videre til Thailand på mandagsmorgonen. Og Thailand ankom vi tidligt på tirsdagmorgonen.

Ikkje den heilt store internett tilkoblinga eg har her, men den fungerer :-) Er nok bortskjemt med skikkeligt breiband heime i Norge.

Om det passer så blir det nok fleire innlegg og betraktninger frå reisande Ingmar i Pattaya, kos dåkke med sommeren så lenge, det gjer eg :-)

søndag 25. april 2010

Ny mail adresse

Då har Tafjord konsernet tatt ein besluttning om at alle som har hatt xxxx@adsl.no som sin mail adresse skal flyttast over til xxxx@mimer.no

Så då oppfordrer eg alle mine venner om at dei går inn i sine e-post program og forandrer den adressa dei har på meg, der det i dag står adsl.no skal det byttast ut med mimer.no

Sidan eg ikkje fekk med meg dette før i dag og skal ut å reise i morgon igjen så har eg ikkje så mange andre muligheiter til å varsle flest muligt om dette enn på denne måten.

Ha ein fortsatt fin dag.

mandag 19. april 2010

Bow Firda i Santos

Her på den sørlige halvkule har vi framleis fint vær, sol og sommer. I
allefall her i Santos.

Når vi passerte ekvator og kom ned mot Aratu/Salvador så regna det jamt og
trutt, ikkje var det noko smådråper heller, forstår godt at dei har hatt
problemer her nede med alt det regnet.

Og på den nordlige halvkule er det også problemer, vulkanen på Island spyr
ut aske og flytrafikken er stoppa opp. Det medfører at min avløyser set i
Norge og ikkje kjem seg ut og eg set her nede og kjem meg ikkje heim. Får
trøyste meg med at det ikkje er berre meg det gjelder. Set mange rundt
omkring i samme situasjonen.

Som ein vittig sjæl skriv det:

Dear Iceland,

We said "Please send 'cash', not ash!"

Yours faithfully,

Great Britain

Jau jau, ikkje så mykje vi kan gjere mot naturkreftene, det er i slike
situasjoner vi egentlig ser hvor små og hjelpelause oss er.

Akkurat no så ligg mei på Dow i Santos, skal seinare i dag opp på Alemoa som
er i andre enden av byen og losse noko tjafs der også.
Etter Santos går turen til Rio De Janeiro før kursen settast mot Argentina,
men innan den tid håper eg at eg er komt meg i land, har tross alt eit fly
som går til LOS neste mandag og det har eg planer om å rekke.

Dagens bilde er tatt oppover elva frå her vi ligger på Dow og viser eit par
containerkaier med skip som laster og losser.

Ønsker alle ein fin og askefri dag.

fredag 9. april 2010

Atter ein gang cruise fart på Brasil kysten

Då har vi passert ekvator og vannet i vasken har forandret retning igjen.

Slik som stoda er nå så ankommer vi Salvador/Aratu i Brazil på søndags
ettermiddag og etter eit forhåpentligsvis kort opphold der så settast kursen
mot Santos.

Verdens beste fotballspeler gjennom alle tider kjem forresten ifrå Santos,
skulle være unødvendigt å nevne navn, men han heiter Pele :-) og var ofte
nevnt som den Sorte perle. Skulle kanskje være unødvendigt å skrive hans
fulle navn siden eg regner med at alle lesere av denne bloggen er såpass
opplyst, men for sikkerheits skyld: Edson Arantes do Nacimento var
døypenavnet til denne mannen som vart fødd i 1940.

Grunnen til at eg håper at vi får eit kort opphold i Salvador er ganske så
enkelt, når vi kjem til Santos så skal vi (Nokre av oss) heim.

Og den beste dagen i ein sjømanns liv er som kjent den dagen man mønstrer av
og reiser heim :-)

Trudde no at eg skulle få tid til å sette meg ned med litt slektsarbeid no i
påska, men dengang ei (Igjen) tida strekker ikkje til...

Eg får trøste meg med at vi har fortsatt rundt 30 grader i både sjø og luft
så det er fint med ein spasertur oppe på dekk både på dag og kveldstid.

Ønsker alle ein fortsatt fin vår.