mandag 18. juni 2012

Endelig mandag igjen

Då var mei ferdige med helga for denne gang.

Den forløp sånn som den bruker, laurdagen går mykje med til Safety øvelser
og Schooling i forskjellige ting. Og sjølvsagt ingen "overtid" på
laurdagane, då er det slutt på dagen klokka 17:00. Søndagane bruker vi
normalt å jobbe frå 10:00 til 17:00 så det blir nesten som ein fridag å
regne.

Det har vøre surt å kjøligt nokre dager, sjøtemperatur heilt ned i 8 grader
og 11 grader i lufta, men nå i natt har vi passert ein flik av New
Foundlandsbankane og er komt lenger sør i møte med deler av Golfstraumen så
då spratt sjøtempen opp i 21-22 grader og lufttempen nærmer seg 20 no kl.
07:00. Men framleis litt grått og vått ute.

Det vart ikkje tatt noko bilde frå laurdagens øvelser, men tok eit lite
bilde på fredagen då vi rigga opp utstyret for Emergency Towing forut på
bakken, grove dimensjoner på den kjettingen der :-)

søndag 17. juni 2012

Byssa (Galley)

Er der all maten blir laga om bord.

Byssefolket er stort sett fire mann, Stuert, Kokk og to Messemenn.

Stuerten er sjef og hans oppgave er å sjå etter kokken og messemennene. Det
er kokken som lager det meste av maten, men også stuerten hjelper til her
(Kanskje spesielt med den "Norske" delen av maten). Messemennene hjelper til
med oppvask og servering etc i tillegg til at det er dei som sørger for
reinholdet i innredningen. Stuerten er også Kapteinen sin "sekretær, han
holder orden på og fører dei forskjellige listene som er nødvendige for
kvart nytt anløp.

Og om maten om bord er det som normalt mange forskjellige meininger, men dei
aller fleste av oss er nok ikkje lettare når vi går i land på ferie enn det
vi var når vi kom om bord - Det sei well sitt :-)

Alle offiserer får dagligt besøk av ein messemann som sørger for at lugaren
er som den skal, mannskapet sørger for sine eigne lugarer. På laurdager så
vasker dei og steller sin lugar mellom 1500 og 1700 og då er det ofte høg
musikk og flott stemning på tredjedekket der dei bor.

Dagens bilde viser Bøttebaletten ein rolig søndags føremiddag :-) (Og alle
ville gjerne være med på eit bilete på internett)

lørdag 16. juni 2012

Cargo control room

Er der det foregår under lasting, lossing og tankspyling. Dette rommet er
lokalisert midtskips med god utsikt over manifolden der alle laste og
losseslanger er kobla.

Herifrå kjøyrer vi alle systemer som har med last og ballast å gjere så
under land er dette rommet vanligvis bemanna 24 timer i døgnet.

Det er stort sett små styrmennene (2nd/3rd officer) som er her under laste
og losse operasjoner, men skipets Pumpemann og Overstyrmann kan du også
regne med å treffe her innimellom slaga. (Ein og annan sliten Maskinsjef kan
du også risikere å treffe på her)

Dagens bilde er sjølvsagt frå CCR, det viser pulten der vi blant anna har
styringa på Framo anlegget som driver all hydraulikk på dekk.

Som den observange leser vil sjå så er det ein liten "krakk" som står på
dørken framføre pulten, det er ikkje alle av våre Filipinske venner som er
lange nok til å rekke dei øverste bryterane i dette rommet så då er krakken
god å ha :-)

fredag 15. juni 2012

Skipets øyne (auge)

Befinner seg nok på brua [Må nok skrive dette for å blidgjøre dekksgjengen
etter min påstand i går :-)]

Når vi er i sjøen er brua bemanna 24 timer i døgnet, der passer dei på kurs
og omgivelser og andre ting som høyrer til innom navigasjonen.

Det er tre styrmenn som deler på bruvakta, dei går i skift på fire timer på
og så åtte timer fri.
(Dette i motsetning til i maskina der folket normalt jobber mellom 08:00 og
20:00 dagligt, og så er det ein av maskinistane som har "sovande" vakt om
natta, skjer det noko så blir det utløyst ein alarm og han må ned i maskina
for å fikse opp)

Det kan av og til sjå ut som om det er stille og fredeligt der oppe på brua,
men det er dei som tross alt har ansvaret for sikkerheita til oss andre når
vi sover så vi får håpe at dei passer godt på.

Dagens bilde viser eit lite utsnitt av brua, frå BB side og så over mot
styrbord.

Ønsker alle ein riktig god weekend.

torsdag 14. juni 2012

Skipets hjerte og hjerne

Er skipets kontrollrom i maskinrommet. [No høyrer eg dekksrampen røyse seg
:-)]

Slutter det å fungere der nede så stopper skipet opp, ingen straum, ikkje
lys, ikkje vannproduksjon, ingen varme mat, ingen lasting eller lossing etc
etc.

Kjøyrer vi alt for full effekt der nede, hovedmotor, hjelpemotorer og kjeler
bruker vi over 70.000 Kg (Vi regner i Kg og vi betaler i/for Kg) med
drivstoff dagligt, men det skjer aldri.

Vi lager vårt eget vann om bord, har kapasitet til å lage over 55 m3
dagligt, normal forbruket i innredningen til matlaging, vask etc er på ca 10
til 12 m3 dagligt. Resten av vannet vi lager går med til å lage steam,
vasking av tanker og sånt noko.

Og været i dag, tja, forholdsvis roligt og med samme temperaturer som i går
(Sjøtempen viser tegn på stigning)
Vi har såvidet byrja å sette kursen litt meire sørligt så det vil komme seg
etterkvart.

Dagens bilete er frå Engine Control Room (ECR), får ikkje med så mykje på
eit bilete, men dette er kontrollpulten for hovedmotoren.

onsdag 13. juni 2012

Ingen kval i sikte

Atter ein rolig dag ute på bøljan blå.

Desse karane som leverer værmeldingane til oss trua med ein del drittvær
desse dagane her, men bortsett frå litt skvett i går så har det roa seg
omtrent heilt no. Kan faktisk gå ein tur på bakken utan å risikere å bli
våt.

Vi går langt nord denne turen så temperaturen er ikkje den heilt store ute,
14-115 grader i både sjø og luft.

Det einaste som er vått ute på dekk no er faktisk malinga som ikkje er tørka
ennå :-)

Og sånn går no dagane, alle mann i arbeid og alle stort sett like blie.

Dagens bilde er eit eg tok av tv-skjermen når vi låg i Rotterdam, ein Maersk
båt som kom inn med ein 10-12 meters kval over bulben, er dessverre ikkje så
sjeldant slikt skjer, dei ligg der i vannoverflata og "sover" og då får dei
seg fort ein smell.

tirsdag 12. juni 2012

Filippinsk nasjonaldag - Hipp hurra

12 juni er Filippinene sin nasjonaldag, kan nok ikkje måle seg med vår 17.
Mai då, men allikevel...

Så i dag avslutter vi arbeidsdagen kl. 1700 mot normalt kl. 2000. Eg regner
med at det er blitt laga til litt ekstra snaks til middagen deira i dag og
det er væl fortjent.

Oss Norske om bord må nok nøye oss med vanlig norsk bondekost på denne
dagen, nemligt Raspeballer, Saltkjøtt og det som høyrer til :-)

Været er som det skal være i nord Atlanteren, 16 grader i dag morges, lett
skydekke og sjø og vind imot.

Og i anledning dagen så har vi eit lite flaggbilde, tenker dei fleste veit
hvilket flagg dette er :-)

mandag 11. juni 2012

Engelske Kanal

Då var mei ferdige med Antwerpen for denne gangen, vi kvitta losen litt over
klokka to i natt så eg vart ikkje ferdige med papirarbeidet mitt før nærmare
klokka tre så det vart ein korte natt.

Frå losstasjonen og ned til Dover er det ca 70 nm så der var vi akkurat i
frokosten. Litt smågrått ute og kun 15 grader så det er ikkje så mykje
"kvite klippar" å sjå.

Slike dager som dette (Første dag i sjøen etter eit lengre opphold under
land) brukast ofte til å rydde opp i siste rest av papirer etc slik at alt
det er på plass. Ofte ein litt "lette" stemning om bord også, tenker nok at
dei fleste er glade over å være i sjøen igjen.

Dagens bilde viser to skuter frå eit kjent Dansk rederi, ein av kvar type,
tank og kontainerskip. Dei gjekk sakte desse også, tydeligvis fleire enn oss
som sparer bunkers :-)

søndag 10. juni 2012

Hei frå Antwerpen i Belgia

Eg har fått ein liten oppfordring om å skrive og legge ut ein liten daglig
tekst om livet her om bord.

Eg trur nok ikkje det blir daglig, men skal prøve å få til noko innimellom.

For øyeblikket så ligger vi i Antwerpen og laster frå ein liten coaster som
kom inn i natt, når den er ferdig så går vi herifrå.

Turen ut til havs herifrå tar ein åtte til ti timer med los.

Når vi er komt ut setter vi kursen sørover gjennom den Engelske kanalen før
vi svinger over mot Houston, ifølge "Weather routingen" så skal vi gå på ein
nordlig kurs for å unngå noko skittvær borte i Atlanteren. Time will show om
det vart lønnsomt :-/

Dagens vær er sol, vindstille og 21 grader.

Dagens bilde er frå eit kjent landemerke her i Antwerpen, dei fleste ser nok
kva dette er :-)

Ha ein fortsatt fin dag.

mandag 4. juni 2012

Om bord i Rotterdam og back in bizznizz igjen.

Då var eg tilbake i kvardagen igjen etter 9 månader heime, godt å komme seg
i jobb igjen.

Skuta har no vøre her i Rotterdam i ein uke no så det nærmer seg avgang
etterkvart.

Neste havn vil bli Antwerpen i Belgia, deretter så setter vi kursen mot
US-Gulf, mest sannsynligt Houston området.

Ikkje noko spesielt nytt herifrå denne gang.

Ønsker alle ein fortsatt fin sommer :-)