mandag 11. juni 2012

Engelske Kanal

Då var mei ferdige med Antwerpen for denne gangen, vi kvitta losen litt over
klokka to i natt så eg vart ikkje ferdige med papirarbeidet mitt før nærmare
klokka tre så det vart ein korte natt.

Frå losstasjonen og ned til Dover er det ca 70 nm så der var vi akkurat i
frokosten. Litt smågrått ute og kun 15 grader så det er ikkje så mykje
"kvite klippar" å sjå.

Slike dager som dette (Første dag i sjøen etter eit lengre opphold under
land) brukast ofte til å rydde opp i siste rest av papirer etc slik at alt
det er på plass. Ofte ein litt "lette" stemning om bord også, tenker nok at
dei fleste er glade over å være i sjøen igjen.

Dagens bilde viser to skuter frå eit kjent Dansk rederi, ein av kvar type,
tank og kontainerskip. Dei gjekk sakte desse også, tydeligvis fleire enn oss
som sparer bunkers :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar