Då var den turen over og det første eg må gjere er å korrigere meg sjølv,
den tropiske stormen Debby forsvant nok ikkje nordvestover som tidligere
meldt, men derimot nordaustover, passerer over Florida og forsvinner ut i
havet etter å ha lagt igjen ein anseelig mengde vann.
Vi er no på vei inn mot Houston, 32 grader i både sjø og luft. Det er meldt
om temperaturer på oppimot 39 grader i løpet av uka så det er godt at vi har
eit velfungerande air condition anlegg om bord.
Og sidan skuta var i Indonesia for noko over 2 månader siden og Indonesia
står på "Banned" lista til Amerikanske myndigheiter så får vi ikkje gå rett
inn, vi må ankre opp på utsida og så vente på at USCG kjem om bord og
gjennomsøker skuta etter terrorister og eventuelt sprengstoff.
Det er litt grått ute for øyeblikket, men det letner fort opp når sola
byrjar å få tak.
Dagens bilde er frå solnedgangen på søndag etter at Debby hadde roa seg
kraftigt ned.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar