Viser innlegg med etiketten ættesoge. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ættesoge. Vis alle innlegg

onsdag 17. mars 2010

Gards og ættesoga for Sandøy kommune, kapittel 4

Ifølge ein artikkel i Haramsnytt 5 mars 2010 er det no bestemt at dei to første binda av Sandøysoga skal gjevast ut, og bra er no det.

Eg er no i Houston området og har ikkje tilgang til papiravisa og dei opplysningane som står der, men her er ein link til eit utdrag av artikkelen som ligger på nettet.

torsdag 4. februar 2010

Gards og ættesoga for Sandøy kommune, kapittel 3

Ifølge dagens Sunnmørspost er det no eit håp om at dette arbeidet kan halde fram.
Saka skal i allefall opp til ny behandling i kommunestyret med det første.

Til no er det brukt ca 4 millionar kroner på dette arbeidet, og sogenemda meiner at det trengst omtrent 500.000 kroner til for å få trykt to band i eit opplag av 500 kvar.

Eg skal i allefall ha 1 stk eksemplar av kvar om eller når desse kjem.

Her og her kan dere lese mine tidligere innlegg om denne sak.

Vi får håpe at dei tar til vetet der ute slik at desse bøkene kjem ut.

mandag 14. desember 2009

Gards og ættesoga for Sandøy kommune

Ja ja, så kom den triste meldinga då om att dette arbeidet er førebels avslutta/lagt til sides pga kommunens økonomiske stilling.

Arbeidet har pågått i 9 år og første band var planlagt utgitt neste haust (Hausten 2010)

Vi får håpe at dei ansvarlige i kommunen får satt i gang dette arbeidet igjen snarast før dei må starte på nytt igjen, då har dei iallefall søla vekk nok penger.

Eg skreiv eit blogginnlegg om denne gards og ættesoga før i år, der skreiv eg blant anna følgende: Dette arbeidet vart påbyrja i 2000 så det har tatt sin tid, men det er no lys i tunellen så.... (Håper at det ikkje er eit møtande tog :-) )

Og så var det toget som kom :-(