Viser innlegg med etiketten Sandøy. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sandøy. Vis alle innlegg

mandag 28. november 2011

Bygdebok, band 2, for Sandøya i salg


Så var den her denne også etter mykje forviklinger, forsinkelser etc etc.

Det har blitt ei flotte bok med mange fine bilder og illustrasjoner som omhandler dei tre gardane Røssholmen, Ona og Husøy.

Boka innheld tre fyldige kapittel med gards, familie og slektshistorie for dei nevnte tre garder. Den inneholder også grendehistorie for Ona og Husøy.

Det finnst også ein kjeldeliste samt ein alfabetisk liste over alle personer bosatt på desse tre gårdane som er omtala. Denne siste lista inneheld litt over 2400 personer. Dei fleste av desse er kun lista opp med årstall, ikkje datoer slik som vi slektsforskere liker :-)

Forfatter av boka er Randi Kristin Strand, hun har hatt god hjelp av slektsgransker Anne Huse og illustratør Åse Sæterøy.

Boka er på over 800 sider, eg fekk mitt eksemplar frå Sandøy Kommune, den kosta Kr. 800,- pluss frakt. Kun 1000 eksemplar så vil du ha må du være kjapp på labben :-)

Heile dette verket er planlagt å bli på 4 band, band 1 er no under arbeid og vil antagelig bli utgitt seinare. Om band 3 og 4 nokon gang vil bli utgitt veit vi ikkje, men det får vi håpe på :-)

tirsdag 1. november 2011

Gards og ættesoga for Sandøy kommune, kapittel 5

Ifølge ein notis i dagens Haramsnytt så skal no band 2 i denne serien være klar for salg no i november.

Dette bandet (Som er det første som blir utgitt) omhandler Røssholmen, Ona og Husøy. Forfatter for dette bandet er Randi Kristin Strand, hun har hatt hjelp av slektsgranskar Anne Huse og illustratør Åse Sæterøy.

Det har vøre mykje styr med dette bokverket. Vi får håpe at det er på rett spor no.

Eg har skrevet fleire innlegg om denne soga før, dei kan du lese Her

onsdag 17. mars 2010

Gards og ættesoga for Sandøy kommune, kapittel 4

Ifølge ein artikkel i Haramsnytt 5 mars 2010 er det no bestemt at dei to første binda av Sandøysoga skal gjevast ut, og bra er no det.

Eg er no i Houston området og har ikkje tilgang til papiravisa og dei opplysningane som står der, men her er ein link til eit utdrag av artikkelen som ligger på nettet.

torsdag 4. februar 2010

Gards og ættesoga for Sandøy kommune, kapittel 3

Ifølge dagens Sunnmørspost er det no eit håp om at dette arbeidet kan halde fram.
Saka skal i allefall opp til ny behandling i kommunestyret med det første.

Til no er det brukt ca 4 millionar kroner på dette arbeidet, og sogenemda meiner at det trengst omtrent 500.000 kroner til for å få trykt to band i eit opplag av 500 kvar.

Eg skal i allefall ha 1 stk eksemplar av kvar om eller når desse kjem.

Her og her kan dere lese mine tidligere innlegg om denne sak.

Vi får håpe at dei tar til vetet der ute slik at desse bøkene kjem ut.

mandag 14. desember 2009

Gards og ættesoga for Sandøy kommune

Ja ja, så kom den triste meldinga då om att dette arbeidet er førebels avslutta/lagt til sides pga kommunens økonomiske stilling.

Arbeidet har pågått i 9 år og første band var planlagt utgitt neste haust (Hausten 2010)

Vi får håpe at dei ansvarlige i kommunen får satt i gang dette arbeidet igjen snarast før dei må starte på nytt igjen, då har dei iallefall søla vekk nok penger.

Eg skreiv eit blogginnlegg om denne gards og ættesoga før i år, der skreiv eg blant anna følgende: Dette arbeidet vart påbyrja i 2000 så det har tatt sin tid, men det er no lys i tunellen så.... (Håper at det ikkje er eit møtande tog :-) )

Og så var det toget som kom :-(