Viser innlegg med etiketten DIS-Haram. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten DIS-Haram. Vis alle innlegg

onsdag 5. november 2014

Eit tilbud så godt at du nesten ikkje skulle tru det...

Er det DIS-Norge no kjem med :-)

Kort sagt så er det gratis medlemskap ut 2014 som er tilbudet og har du meldt deg inn og betalt kontignent etter slektsforskerdagen 25. Oktober 2014 så vil du få refundert beløpet.

Du kan lese meire om denne avtalen her

Og ein liten gladmelding til for alle som sokner til Haram med omland er at vi snart er i gang igjen med møtevirksomheita i DIS-Haram. Det er no over to år sidan siste møtet her, men forhåpentligvis så kjem vi igang igjen no.

Vi skal prøve å få i stand eit møte no før jul, mest sannsynligvis vil det bli avholdt i "Kantina" på Vatne ungdomsskule.

Meire om dette møtet og tidspunkt vil bli lagt ut seinare.

Med ønske om ein fredlig slektsforsker haust :-)

onsdag 1. januar 2014

Velkommen 2014

Vil ønske all familie, venner og kjente eit godt nytt år.

Håper at alle har hatt eit fint 2013, men veit sjølvsagt at det ikkje er tilfelle. I løpet av året har vi mista mange kjente og venner, ingen nevnt ingen glemt.

Det er nok mange som har sett opp ein liste over nyttårsforsett, det har ikkje eg, tenker at eg har nok med å oppfylle listene frå det siste tiåret uansett :-)

Men det er i allefall ein ting eg skal prøve å få gjort noko meire med og det er å få igang igjen lokallagsgruppa av DIS-Haram slik at vi får i gang igjen slektsforskninga og det gode samværet som vi hadde på desse møta tidligere.

Vil nok også fortsette med å legge ut nye slektsdatabaser på mitt TNG nettsted som du finner Her Ved hjelp av denne sida har eg komt i kontakt med mykje slekt og det er kjekt.

Så ennå ein gang Ha eit riktigt godt nyttår og takk for det gamle.

torsdag 23. august 2012

Oppdatert slektsdatabase

Eg har den siste tida oppdatert min slektsdatabase som ligger på nettet. Etter ein del mindre problemer tok eg og laga ein fullstendig ny side, har også denne gangen brukt programvare frå TNG.

Og alle data som du finner her er lagt inn ved hjelp av slektsprogrammet Legacy. Eit topp program som anbefalast til alle som vil starte med denne flotte hobbyen.

Eg er rimeligt fornøgd med sida, det meste stemmer og sida ser bra ut - Meiner eg :-)

Den inneholder for øyeblikket noko i overkant av 27.000 personer og nesten 10.000 familier. Og bur du her på Sunnmøre er det ikkje usannsynligt at du finn dine egne forfedre på desse sider.

Har også fått installert teller og gjestebok på sida, det hadde vøre kjekt om DU la igjen ein helsing til meg :-)

Ser du feil og mangler her så send meg gjerne ein oppdatering så tar eg og legger inn ved anledning.
Ser du di eiga slekt her så ikkje vær redd for å be om ein rapport, eg er raus på sånne :-)

Eg er straks på vei på jobb igjen og med lite tilgang på internett så kan du ikkje forvente svar på øyeblikket, men det kjem nok etterkvart.

Denne databasa finner du HER

onsdag 18. januar 2012

Lokallagsmøte i DIS-Haram og Slektsforumet, ein god kombinasjon.

På gårsdagens møte i DIS-Haram tok vi for oss bruk av etterlysninger i Slektsforumet.

Fleire av dei som var tilstades hadde spørsmål om personer som dei ikkje hadde funnet ut skjebna til og det vart laga til etterlysninger som vart posta på slektsforumet.

Den første etterlysninga var litt lokal og den fant sin løysning i løpet av eit par timer, du kan sjå denne etterlysninga og svara her

Den andre etterlysninga gjaldt ein kar som gjekk i land frå eit skip i USA og sidan "forsvant". Også her kom løysninga i løpet av eit par timer, du kan sjå denne her

Så var det ein kar som vart så inspirert av dette at han for rett heim og la ut ein etterlysning etter folk i USA han og. Dette vart full klaff og du kan sjå resultatet her. Han hadde litt fleire opplysninger i utgangspunktet og det vil alltid hjelpe dei som vil hjelpe til med å finne ytterligere opplysninger.

Så er du på jakt etter forsvunne slektninger så er det Slektsforumet som gjelder. Trenger du hjelp til å komme i gang så er det nytt møte i DIS-Haram 21.02.2012, sjå vår Facebook side for nærmere opplysninger når det nærmer seg den datoen.

Og om DIS-Haram kan du lese meire om du trykker på denne Linken

mandag 10. oktober 2011

Møte i DIS-Haram, 27.09.2011

Etter ein lang pause så var vi samla igjen i Harams gruppa i DIS-Norge. 11 stykker var møtt opp denne gangen.

Pga lenge siden sist så hadde vi ikkje noko fast tema denne gangen, men vi veksla mellom forskjellige ting som tips om Legacy - Som alle 11? har som program - Var ein tur på DIS-Chatten der vi fekk litt tydehjelp av eit par av dei dyktige Damene der (Anne-Lise og TorillAa)

Grunnen til at vi hamna på chatten var ein av deltagarane på møtet hadde hatt problemer med å finne ein person i dei skanna KB, denne personen fant vi kjapt, men hadde problemer med å lese litt av infoen i Kirkeboka frå 1823.

Ellers så vart det diskutert litt om vi skal drive litt vekselbruk, alternere møteplassane mellom Tennfjord skule og Nogva Motorfabrikk i Søvika. Det var ingen motforestillinger om dette og slik som det ser ut nå så vil dette skje ut på nyåret.

Vår faste møtedag er tredje tirsdagen i månaden, men pga diverse årsaker vil vi innimellom velge andre dager.

Neste møte i Haramsgruppa vil skje 18.oktober på Tennfjord skule kl. 1800. Møta er opne for alle så ta med spørsmål, pc og kom å delta.

Før siste møte vart det utanom direktemailer til medlemmane og møte informasjon lagt ut på aktivitetskalender på DIS sin side nevnt på facebook nokre ganger at vi skulle ha eit åpent møte. Facebook informasjonen førte i allefall til at minst to nye personer møtte opp på møtet på grunnlag av den informasjonen.

fredag 26. november 2010

Møte i DIS-Haram

Tirsdag 23. november var vi i gang igjen med lokalgruppa i Haram.

Det var no over eit år sidan siste møte, noko som skyldast sykdom og tidsklemme for dei som bruker av sin fritid for å gjere dette.

Vi var 8 stykker på møtet, mange som ikkje kunne komme denne gangen, men slik er det :-)

Vi vart enige om at neste møte vil bli på tredje tirsdagen i januar månad, 18. januar for å være heilt nøyaktig. Eg får håpe at eg rekker heim før den tid :-)

Vi hadde ikkje noko spesielt tema på dette møtet vårt, det blir det heller ikkje på januarmøtet, vi tar opp det som er aktuelt, nesten som ein spørretime.

Vil nemne kort at av dei 8 som møtte denne gangen så var det alle 8 som brukte Legacy som sitt slektsprogram :-)