søndag 21. desember 2008

God jul alle sammen

Set her i Bahrain og kjemper med å få skuta ferdig på verksted slik at vi kan komme oss herifrå før jul. Jula blir det nok so som so med i år, skal direkte over til Iran og laste skuta full for europa. Er vi heldige så er vi komt oss ut av PG før nyttåret kjem så då får mei feire både jul og nytt år samtidig :-)

Vil ønske alle ein riktig god jul og eit flott nyttår når den tida kjem. Kos dåkke :-)

lørdag 13. desember 2008

Jobb og sånt noko --- -- -

er ikkje så greitt, men det er det som bringer peng i kassa så --- -- -

No på laurdagskvelden set eg på eit hotell på Gardemoen og savner familien min.

Men men, det er livet og den situasjonen har eg valgt sjølv og det går bra.

Og so har eg og HeidiS antagelig funnet ut på chatten, via Synnøve, at vi er almenninger også, dette kjem frå felles slekt i Romsdalen. Håper at eg får tid til å oppdatere litt av min base slik at vi får det håndfast på papiret.

Veit ikkje om eg får oppdatert denne bloggen på ein stund, men vil i alle fall benytte sjangsen til å ønske alle mine slekts og chatte venner ein riktig god jul og eit flott nyttår.

torsdag 11. desember 2008

Thailand ferie

Som sikkert mange veit så var vi i Thailand i 5 uker no i haust for å besøke familie, venner og ganske enkelt nyte livet i LOS.

Her kjem eit bilete av Sofie som har fått ein kake og noen venner på besøk, dette er ute i Nong Puh, ikkje så langt ifrå Surin. Det er her Rod vaks opp.


Her er vi ein tur i Million years stone park and Pattaya crocodile farm i Pattaya, masse dyr, forsteina tre, blomster og så videre. Ein nydelig plass å slappe av nokre timer.

Her slapper Sofie av med ein is i varmen.

       Ser ikkje dette fredligt ut ?

onsdag 10. desember 2008

Manglende opplysninger om 3x tippoldemor

Siden eg er ein ihuga slekter (Ein som leiter etter slekta :-) ) så vil eg gjere dåkke oppmerksomme på mitt juleønske for i år, nemlig finne meire opplysninger om min 3x tippoldemor, etterlysninga etter henne på slektsforum finn dåkke her:  http://www.disnorge.no/slektsforum/viewtopic.php?t=75870 

Setter veldigt stor pris på alt som kjem fram om denne personen :-)

Ja ha... ... .

Jaha så har eg gjort det eg også - Oppretta ein blogg....

Om dette vil vare veit eg ikkje, er egentlig alt forlite heime til å drive på med dette.

Får prøve meg fram så ser eg etterkvart - I løpet av eit år eller to så har vi kanskje internett tilgang frå arbeidsplassen min også :-)