Tidligt i fjor haust fekk eg ein mail frå ein person bosatt på ein heilt annan plass i landet enn meg.
Hun hadde søkt etter eit navn og funnet nokre navn på min heimeside som virka litt kjente. Spørsmålet var om dette kunne være spor av hennes biologiske mormor som hadde forsvunnet etter at hun hadde satt bort/bort adoptert hennes mor.
Etter litt leiting her i området så fant eg fram til ein person som muligens var den rette. Sendte henne så dei opplysningane eg hadde funnet fram til, samt fødselsdato på vekommande. Fekk straks svar om at dette antagelig var hennes forsvunne mormor.
Leita så opp adresse og telefon nr til henne og sendte det tilbake.
Høyrte ikkje noko meire og heile saka la seg bak i glemselens slør.
Men no i jula så kom der brått ein mail til min jobb adressa.
Hun hadde tatt kontakt med sin mormor og hadde blitt svært godt mottatt. Det var over 50 år sidan det hadde vert kontakt mellom mormora og hennes familie.
Så nå hadde dei bestemt seg for at dei måtte møtast.
Det er godt å sjå at denne hobbyen også kan hjelpe andre.
Når Digitalarkivet er nede….
for 5 uker siden